torsdag 26. februar 2009

Kjærleik er søt musikk

"Skal du til sentrum?" "Eg skal heim," svarte den litle guten. Tenk så greitt om bussjåføren visste kvar alle skulle, eller at det kom opp ein liten skjerm over hovuda til passasjerane der adressa stod, slik som kjeglene Simsfolka går rundt med. Ein skjerm som forsvann etter dei hadde betalt, eller fått kortet godkjent.

På veg heim frå kinoen gjorde eg tabben å fortelje mamma nøyaktig kva eg tenkte på, og det vart draumetyding og hint (= ordre) om å ikkje sjå så mange dramatiske seriar som eg gjer. Eg fortalte henne at eg hadde drøymt at pappa døydde i ei trafikkulukke, men eg sa ikkje at det var ho som var skuld i det.

Kjærleik er søt musikk, heilt til nokon kjem borti nåla og lagar hakk i plata, og ein har dei same kranglane om og om igjen i det uendelege, fordi ingen kan reparere ei plate når ho fyrst har vorte øydelagt.

søndag 15. februar 2009

Sannah lagar middag ved å danse

Sannah er verdas kulaste niese. Sannah lagar middag ved å danse, og syng til eit imaginært publikum. Ho har vore her i helga, medan mora og faren (som er den eldste storebroren min) har fått litt tid for seg sjølv, i tillegg til å ha barselsmøte fredag kveld, fordi Birte vert tante heilt på ny i mars!

Eg har diverre ingen Dory-bilete frå helga, då det einaste biletet eg tok av Sannah vart tatt med Neda (polaroidkameraet mitt). (Hmm, er det forvirrande med alle namna eg har på ting?) Men eg kan setje inn eit gammalt eit, fordi Sannah er så herleg at alle bør få sjå henne! (Ho er òg litt av ein energibylt, og er veldig hengt opp i at ho skal gjere alt sjølv, men det høyrer vel til det å vere to år...) Og ja, ho er kjempeflink til å snakke! Eg er litt redd for korleis det kjem til å gå når eg får ein nevø i mars, eg likar det best når eg kan kommunisere skikkeleg med folk, er så mykje lettare å vite kva folk vil når dei kan formulere det med ord...

torsdag 12. februar 2009

Goodbye Yellow Brick Road

Eg har bakt muffins til fleire hundre år gamle tonar, komponert av herlege menn som Bach, Beethoven og Mozart. Muffinsane skal verta delt ut til mine kjære medelevar i morgon, fordi sjølv om muffins ikkje eksisterte då Wergeland levde, hadde han sikkert likt dei, og det er lettare å halde folk interessert om dei har noko anna å konsentrere seg om enn å titte ned på skjermane sine. Just saying...

Armane og hendene mine kjem til å vere overlessa i morgon. Sjølvlaga eske og brett med bakst, gymtøy og haiar. Og i slutten av dagen skal alt heim igjen, men då er brettet forhåpentlegvis/sannsynlegvis tømt, og eska overlevert. Fordi det er valentinsdag på laurdag! Eg har enno ikkje opplevd å feire dagen med ein faktisk kjærast (utanom ektemannen min, men han er vekkreist mykje av tida...), og skal heller feire at eg lever og smiler. Og ikkje minst at det då berre er ei veke til vinterferie, fordi eg har godt av å kunne sove lenger enn til 05.45.

Elton John vert spelt av på Windows Media Player fordi eg eigentleg skal gå igjennom all musikken eg har frå A til... 4 (iTunes er weird), så eg juksar. WMP vert jo ikkje registrert på last.fm! Elton John kjem til Haugesund og skal ha konsert 18. juni. Elton John kjem til å ha ein veldig ivrig Birte i publikum! Det ser ut til å verta eit bra halvår, kulturelt sett. Fredag neste veke skal klassen på teater, eit teaterstykke eg hadde tenkt å sjå i haust, men som eg ikkje fekk sjanse til, så yay for det! 15. mars skal eg sjå yndlingsbandet mitt live, og 27. mars skal eg igjen få le av påfunna til Noregs 2. herlegaste kvinne (Liv Ullmann er nr. 1); Anne-Kat. Hærland. Eg gler meg!

lørdag 7. februar 2009

Ein magisk dag

Har du merka korleis det vert kaldare jo lenger du står ute, sjølv om temperaturen er den same? The Curious Case of Benjamin Button brakte meg tilbake til notida, og den siste bussen kom ikkje før eg song han til meg, ein halvtime forsinka. Sjokket av å plutseleg vere til stades, 7. februar 2009, ikkje september (eller kanskje august?) 2006, overvelda meg, og eg hadde falt i saman, hadde du ikkje tatt armen din rundt meg akkurat då. Det var ein slik dag då ein ballerina kunne ha dansa i spotlighten på busstasjonen, og sjølv om me var nær å miste både fingrar og tær, var me to, var me saman, og eg ville ikkje vere noko anna stad enn akkurat der, med deg.

fredag 6. februar 2009

Hei

Eg vil eigentleg berre seie til alle venene mine, både dykk eg ser nesten kvar dag, og dykk eg enno ikkje har møtt:

I love you!

onsdag 4. februar 2009

2/365

Eg kom nettopp inn døra etter å ha stavra meg fram i centimeter på centimeter på snø, og medan eg gjekk tenkte eg på Neda som ein gong skreiv kor magisk det var å vere den fyrste til å gå i snøen, og så tenkte eg at snøen hadde dekka over det tynne laget eg invaderte om morgonen, og at kanskje me ikkje er så viktige som me trur. Etter å ha venda meg om og sett spora mine, kom eg fram til at kanskje me faktisk er viktigare enn me klarer å tru eller håpe, og at me kan gjere langt meir enn me tør ta inn over oss.

I dag har eg ein av dei to dagane eg får i løpet av året, der eg er svært fjollete og... kva er ordet? Jo: Lukkeleg. Som om hjernen og hjartet seier at: "Okay, i dag skal Birte få fri.", og så ler eg litt høgare og langt oftare enn det eg vanlegvis gjer, og finn nesten alt morosamt. Sist gong var i august under filmfestivalen, då me såg Hellboy II, og eg storkoste meg.

Etter at historieprøven (= intens skriving i 90 minutt) var overstått, skulle me ha naturfag, og eg fekk plaster av Kari som var det tredje plasteret på to dagar, fordi stakkars Birte fekk papirkutt på den høgre ringfingeren sin i går, og alle veit kor mykje det svir. Når eg i tillegg har prestert å kutte opp såret på ny og på ny, grunna fleire ark, hårstrå etc., tenkte eg at plaster var lurt. Disneyplasteret med Dumbo på varte til eg dusja i dag tidleg, og plasteret med Mummitrollet og Snusmumrikken falt av under 1. verdskrig, men naturfagplasteret har heldt heilt til no. Det er kvalitet. Eller kanskje det er på grunn av ansiktet som Hilður og eg samarbeida om å teikne.

"Har de hatt prøve i dag, eller, de ser jo heilt daude ut?!" spurte Finn Morten då me hadde matematikk, og etter me oppgitt svarte ja, forsikra han oss om at han skulle vise oss tre ting veldig kjapt, så skulle me få lov til å slappe av (og kanskje gjere ei oppgåve, om me orka det...). I norsktimen mangla me tilgang på oksygen, og eg syntest framleis at det meste var hysterisk morosamt, sjølv om det ikkje var særleg nye ting me fekk høyre. Me hadde meir ein samtale enn undervisning, og det var eigentleg utruleg herleg.

Neste onsdag skal eg ha med årboka og vere flink når eg kryssar av for kven av dei tilsette som kjem til møtet, og om dei kjem i tide.

mandag 2. februar 2009

My beloved monster

Mest tenkjer eg på korleis alt ser ut til å ha ein personlegdom; klassar, år - og korleis alle likevel kan gli inn i kvarandre, om ein ikkje er forsiktig. Solstråler vert ikkje meir enn du gjer dei til, og snøen må til slutt smelte.


Og inst inne håpar eg framleis at du skal ta kontakt, sjølv om eg ikkje vil vedgå det, sjølv om eg prøver å halde tankeflugene lengst mogleg borte, så vil eg ha deg tilbake, om berre for ei lita stund. Kanskje eg er ein masochist, ein kjenslemessig masochist. Kanskje det er det som bør verta sagt under ei framtidig minnestund. "Birte var eit godt menneske, men følte for mykje. Ho var ein kjenslemessig masochist, og elska aller høgast dei ho ikkje kunne få."


No skal eg prøve å hugse alt som skjedde i verda frå 1870 til 1918 (+/-).

søndag 1. februar 2009

Supercalifragilisticexpialidocious

Eg kan ikkje ta magiske bilete, slik som Mariell, men eg kan skrive på min eigen måte, og eg kan bake. Trass i ein drøss med allergiar, bakte eg kanel i svingane i dag. Eg tok med Little Miss Sunshine (laptopen) og The Queen (den eksterne harddisken) opp på kjøkenet, og medan havremjølk vart blanda med mjølkefritt smør, speltmjøl med sukker og kardemomme, såg eg på Mary Poppins og fann ut at eg hadde visst sett han før, det var berre så lenge sidan.

Medan deigen heva seg, laga eg middag; amerikansk grønsaksblanding, potetstappe og soyapølser, og då familien var samla og gjekk for å fly med dragar, vaska eg opp. Dansande og glad.