torsdag 27. juni 2013

Eg forsvinn

Eg har nokre linjer på eit ark som seier meg kven eg er. Eg har ei lommebok full av kvitteringar og bilete som fortel meg kvar eg plar handle og kven eg bør smile til. Nokre gonger smiler eg til alle, berre for å vere sikker, og om dei ikkje er vener av meg så kjenner dei i alle fall igjen det menneskelege i meg og smiler tilbake.

Dei gongene liker eg å sitje på ein benk mellom apoteket og banken og sjå livet spele seg ut. Kanskje gjettar eg om nokon er i slekt eller kva dei skal kjøpe til middag. Om eg føler meg inspirert, skriv eg historier om dei i notatheftet mitt, men når eg har vanskelege dagar hender det at eg les historiene og tar dei for sanning, og då kan eg plutseleg ende opp framfor kyrkja i berre underkjolen fordi eg trur eg skal i bryllaup.

Eg veit alt dette, ein gong i blant, før eg forsvinn igjen. Då les eg bøker, baker og besøker dei andre eg bur med her. Gir dei gode ord og lange klemmar.

Neste gong eg forsvinn skal eg velje det sjølv.

tirsdag 25. juni 2013

Birte og bømlingen hennar i Bremen: 2013

Både kjærasten og eg har fått jobb denne sommaren, noko som er bra for økonomien, men som tyder at me ikkje får sett kvarandre så ofte. I alle fall ikkje samanlikna med i fjor. Difor tok me ein retur til Bremen frå torsdag til søndag sist veke, etter eg hadde vore på opplæring og før begge skulle byrje å jobbe for fullt. Som sist vart det ikkje så mange bilete, eg ville vere i augeblikka med han, men nokre glimt frå turen har eg og her får de eit knippe av dei.








Fredag kveld føreslo bømlingen min at laurdagen kunne gå til å besøke ein annan by, slik som me gjorde i fjor då me drog til Oldenburg. I år valde me Bremerhaven, ein hamneby som driv med mykje bileksport der me var überturistar og hoppa på ein elvesightseeing, og kvar gong me skulle ete var me så svoltne at det vart ikkje bilete av maten.










Trygt tilbake i Bremen testa me ut Tom & Karo, ein av fleire veganrestaurantar/-kafear i byen. Bømlingen min er stort sett altetande og eg synest det er veldig koseleg når han et veganmat med meg. Maten på Tom & Karo var veldig god, men fordi me ikkje toler kveite noko særleg så vart me dårlege begge to. Livet som allergikar, mine damer og herrar.


Søndag morgon hadde me ein lang og roleg frukost, og etter å ha drukke over halvparten av latten min fann eg eit hjarte i skummet.


Og plutseleg var me heime i Noreg og måtte bruke ytterjakke igjen.

Neste gong trur eg turen kjem til å gå til Storbritannia. Me er glad i staden begge to og eg saknar å høyre engelsk rundt meg.

tirsdag 18. juni 2013

Denne verda

Denne verda kjenner deg.
Denne verda er ukjent for deg.
Denne verda vil halde deg i handa og spytte deg ut på fortauet.

Denne verda er fjell me alle må klatre opp medan me dyttar steinar framfor oss og det er uvisst kva me byggjer på toppen, men alle seier det er verdt det.

Denne verda vil prøve å styre deg, halde deg fast med kjettingar og halsband til du er tappa for krefter og vilje og gir labb på kommando.

Denne verda kan gi deg alt du vil ha.

mandag 17. juni 2013

Augeblikket

Det er berre augeblikket som er sant.

Hjernen redigerer minna me trur me hugsar og framtida kan me berre drøyme om, så kanskje det beste me kan gjere er å leve og elske så godt me kan, akkurat no.

mandag 3. juni 2013

Verda snurrar vidare

Det er ein gammal klisjé, men dagane flyr. Det nærmar seg bursdagar for gode vener, eg kjøper og lagar gåver og skriv på den same oppgåva som har forfylgd meg i fleire månadar, og det er ikkje ferie enno. Det vert sånn cirka ferie i fire dagar når bømlingen min og eg tar turen tilbake til Bremen for fine kjærastedagar før eg byrjar i sommarjobb som eg kan sykle til på tjue minutt, og eg har nesten ikkje fått med meg at me har fått nye fargar ute.

Men eg såg det i dag.

I det siste har eg sett på skyene igjen, slik som då eg var liten og låg på terassen og såg opp på himmelen og korleis han endra seg med vinden og tida. Det er noko trygt med handlingar ein har gjort i årevis som ein kan vende tilbake til, som å stå i ro på Nygårdshøyden og kikke på himmelen gjennom kirsebærblomane medan resten av verda snurrar vidare.