torsdag 18. september 2008

A look into the future

Havet slår inn mot klippene på Isle of Wight. På den eine bakketoppen står eit einsleg hus og kjempar i mot stormen. Det vart bygd spesielt for eigaren og vindeltrappa på innsida går opp til eit stort tårn der eigaren har kontor med panoramautsikt. Når ho treng eit avbrekk frå skrivinga, tar ho gjerne taubanen som går ned til sjøkanten og opp igjen, fordi då føler ho at ho lever, men i dag er det for sterk vind, så i staden for lagar ho seg ei kanne med peparmyntete og tar på den enkle, blå NoaNoa-kjolen sin og har den gode strikkejakka over. Strikkejakka ho kjøpte ein septemberdag i Haugesund då livet verka så utruleg kort og langt på same tid, og då ho elska ein mann som alltid såg ut til å forlate henne.

Ho elskar han framleis, og han klarer alltid snike seg inn i tekstane hennar, sjølv når ho prøver å unngå det.

Kontoret er fylt med bokhyller der bøker og personlege suvenirar lever i eit harmonisk parforhold. Dei to tekoppane ho kjøpte på ei antikvitetsmesse i 2007, som verkar som ei æve sidan, står på toppen av ei høg bunke med pocketbøker og Amadeus, telyshaldaren den store kjærleiken gav henne til 18 årsdagen, har fått heidersplass.

Ho har enno ei Agatha Christie-hylle og Hercule Poirot er framleis ektemannen hennar, sjølv om ho las den siste boka om han, der han døyr, i 2004. I hylla har ho Paris-vifta ho kjøpte då ho var på språkreise med to, på den tida, nære veninner.

Forfattaren brukar ikkje laptop til den kreative skrivinga lenger. Han er god for å halde kontakt med vener og for å kjøpe nye bidrag til filmsamlinga som aldri ser ut til å ha ein ende, men når ho skal bruke fantasien er det ingen tastar som er betre enn Wolfgang sine. Wolfgang som har vorte over 100 år gammal og som det er eit under at fungerer. Ho elskar han høgare enn noko anna materialt ho har.

Huseigaren har hatt det nye namnet sitt i 30 år og har aldri angra på at ho endra det, og strikkejakka ho kjøpte onsdag 17. september, 2008, var eit av dei beste kjøpa ho noko gong gjorde.

Birte Valkyrje Lund seier hallo frå framtida og viser eit bilete av strikkejakka som gjorde alt mogleg:

(Og nei, eg har ikkje endra namn, men det er det namnet eg vil endre til når/om eg gjer det. Og jakka er meir blå enn ho ser ut som på biletet.)