No er det under to månadar til eg må sende inn ein .pdf med ord skrive i løpet av det siste året. Ord som diskuterer teater og skodespelarkunst og korleis døde og levande teatermenneske kan vere på same side sjølv om dei tilsynelatande er ueinige med kvarandre.
Med andre ord er det under to månadar til eg kan leve eit universitetsfritt liv (utanom at eg skal ha munnleg forsvar av oppgåva nokre veker seinare), og her er noko av det eg gler meg til:
- lese bøker som ikkje står på ei pensumliste
- bake meir
- ikkje få masterrelaterte gråteanfall
- ikkje lenger ha ei sky svevande over hjernen
- vere meir i rørsle
- sjå fleire filmar
- oppleve meir kunst og kultur
- finne ut kva eg skal gi folk til jul
- feire bursdagen min
- ha tid til husarbeid
- tilbringe meir tid med vener
- sleppe å vere så psykisk sliten og frustrert
- ta eit steg vidare inn i sambuar-/vaksenlivet