onsdag 15. oktober 2008

Literary soundtracks

Har du det slik at du assossierer i tide og utide, slik som meg? Eg ser ei rose og tenkjer på læraren eg hadde frå 1.-4. som gav alle ei gul rose då ho skulle slutte, fordi ho alltid køyrte rundt i den gule bilen sin. Eg tenkjer på Nick Cave og på Jon Almaas som har skrive kva all slags ulike kombinasjonar av fargar og antal har å seie når ein skal gi roser til nokon. (Ei raud rose tyder at du begjærer personen. Think about kor mange som gir enkle, raude roser på utdelingar og den slags, utan å vere klar over det.)

På rommet mitt har eg over 230 DVDar og eg assosierer noko med kvar einaste ein av dei, det same med CDane og bøkene som begge er i omtrent like mykje antal, om eg hadde leita fram alle og summert.

Når eg leser ei bok høyrer eg vanlegvis på musikk, og dermed vert akkurat den plata eller den artisten assosiert med den utvelte boka. Då eg lånte Harry Potter-bøkene til ein kamerat, var det Regina Spektor - Begin to Hope. Jan Kjærstad - Tegn til kjærlighet høyrer i lag med Ane Brun - Changing of the Seasons og no som eg leser Carlos Ruiz Zafón - Engelens spill, er det Bonnie 'Prince' Billy - The Letting Go. Så i dag tidleg då eg sat på ein (meir enn) fullasta buss på veg til skulen og drog opp den 635 sider lange boka og tok til å lese, kunne eg høyre Bonnie i det fjerne, sjølv om eg sat (for meg sjølv, men langt i frå åleine) på ein buss der fjortispraten nærmar seg ei kunstform.

Assosierer du mykje? Har du minne som straumar ut av deg når du ser dei mest trivielle ting? (Sorry, tenkte eg òg skulle teste ut å ha spørsmål til slutt...)

21 kommentarer:

  1. Don't try out that stupid question thingy anymore! I refuse to answer!

    SvarSlett
  2. Hihi, arbeidarpartiet begjærer alle.

    Eg òg assosierer masse. Det er fint. Musikk er den aller sterkaste assosieringskrafta, og den kan bringe tilbake tankar, kjensler og lukter. Det er litt ekkelt når ein høyrer ein song og så får ein tilbake kjensla av å vere forelska i nokon ein ikkje er forelska i lenger, men det er litt fint å få bekrefta at ein framleis er den same personen som ein var før - på ein måte.

    SvarSlett
  3. nja, ikke så mye. det er mer når folk snakker og så sier de ting, ord eller setninger, som får tankene mine til å fly. hender spesielt ofte i skoletimer (surprise!), men også på tv og sånne ting.

    SvarSlett
  4. Cavie: Awh, I'm sorry. You could comment the post though.

    Nøve: Heh, ja. :P

    Det er veldig fint, men det er litt skummelt òg, av og til. At det kan ha så stor kraft.

    Lisa: Hehe, ja, I know, skjer her òg. Men så føler eg av og til at det er "teikn" rundt omkring òg. I går sat eg på med ei heim og ho måtte innom ein stad og hente posten til storesystera før me køyrte vidare. Det var i eit byggjefelt og på ein av postkassane stod etternamnet Husby...

    SvarSlett
  5. I could, men da hadde jeg jo besvart spørsmålene dine, noe jeg ikke ville. Men jeg har et spørsmål; hvor mange roser må man ha for å si at man elsker noen?

    SvarSlett
  6. Tre, så vidt eg hugsar. Tre raude, vel å merke. Kan dobbelsjekke når eg kjem heim

    SvarSlett
  7. Jeg forbinder veldig sanger med datoer, tidspunkt og veldig ofte mennesker og kanskje til og med hendelser. Men jeg klarer ikke høre på musikk samtidig som jeg leser bok, men generelt når jeg hører på musikk, så minner musikken meg 99% om noe. Ikke alltid like bra, men.

    SvarSlett
  8. Det er ikkje alltid eg kan lese med musikk i bakgrunnen, og musikken må vere på eit spesielt lydnivå, slik at det ikkje vert forstyrrande. Er heilt umogleg å lese til prøve med musikk til, til dømes, kjem an på boka.

    SvarSlett
  9. Åå så koselig!
    Jeg asosierer noe med absolutt alt! Det er veldig koselig egentlig, så lenge det er noe bra jeg assosierer med tingen da.. Ellers er det ikke like kjekt..

    SvarSlett
  10. Det er ganske sykt hvordan det å høre en sang kan sette meg flere år tilbake i tid. Jeg kan sitte på rommet og høre den sangen, og plutselig kjenner jeg de samme luktene som jeg kjente da, og alt utenfor vinduet ser ut slik som det gjorde da. Det er rart.

    SvarSlett
  11. Panda: Ja, det kan gå litt both ways...

    Kristin: Ja, det er ganske insane, når ein tenkjer over det.

    SvarSlett
  12. Ja :)Eg har for eksempel enkelte sanger som eg egentlig likte, men som eg ikkje kan høre på lengre fordi eg blir så sint eller trist :\
    kjipe greiar

    SvarSlett
  13. Carlos Ruiz Zafón - Engelens spill, burde jeg lese den? :)

    SvarSlett
  14. Dessuten, jeg assosierer tilbake til tiden jeg har levd når jeg hører på musikk. Kanskje det er mer minner. I dunno.

    SvarSlett
  15. Har du lese Vindens skygge av same forfattar? (Har eg anbefalt den til deg før?) Det er yndlingsboka mi og sjølv om Engelens spill er FAB (og for å svare deg; ja, du bør lese han :)), så er Vindens skygge betre. Eller, ok, no er eg ikkje ferdig med Engelens spill enno, men likevel...

    SvarSlett
  16. Eg assosiere te dei merkligaste ting!xD

    SvarSlett
  17. Hehe, kan eg tenkje meg. :P

    (Og thanks. Det er fleire år gammalt, men er nøgd med det likevel.)

    SvarSlett
  18. Ja, jeg har lest Vindens skygge! Jeg ELSKET den, den var så bra. Men jeg klarer ikke memorer navnet hans riktig. Da skal jeg sette meg opp på liste på biblioteket.

    SvarSlett
  19. Yay, så bra! :D
    Awh, heh, okay. Goodie. :)

    SvarSlett