lørdag 29. november 2008

Ei ny verd

Eg skal skape ei ny verd. Ei verd der alle er vener. Der det ikkje er drama, ingen store kranglar som fører til utsagn ein ikkje meiner. Ei verd der alle seier kva dei tenkjer og føler, slik at ein ikkje treng å kunne lese tankar.

Eg veit at eg er til grader naiv, men eg likar ideen om at alle menneske har noko fint i seg, at alle kan kome overeins med kvarandre. Eg seier ikkje at det ikkje finst vonde ting her på litle Tellus, at alt er roseraudt og himmelsk om me berre opnar auga, eg veit inderleg godt kor jævleg det kan vere å leve, men me treng ikkje gjere det verre enn det er?

Kanskje me bør starte ein kampanje, få fram kor viktig det er å vise kva me synest om andre, kor glad me er i venene våre, familien. Eg skulle så inderleg ynskje at me kunne ha levd i lag, utan å såre kvarandre. Og mest av alt skulle eg ynskje me kunne ha vorte flinkare til å vere ærleg, fordi å vere ærleg er grunnmuren for å oppnå tillit og styrka forhold.

16 kommentarer:

  1. det e litt sykt kor mye fælt me mennesker gjør mot hverandre.

    SvarSlett
  2. hihihihihi <- til alle kommentarane dine. hih.

    lag eit slott av skyer og eg er med.

    SvarSlett
  3. Eg trur det hadde vore ganske kjedeligt. Selvfølgelig det MYE så kan og bør forbedras, men hvis alt hadde vore rødt som roser hadde alle blitt leie te slutt..

    SvarSlett
  4. Kristin: Ja, det er det. =/

    Hjartesmil: Eit slott av skyer er eit must!

    Angie: Nei, eg vil ikkje at alt skal vere raudt som roser heller, berre at me kan vere meir opne mot kvarandre, i staden for å gå rundt med mykje av det vonde inni oss.

    SvarSlett
  5. Den kampanjen blir eg me på! ;)

    SvarSlett
  6. Ane: :)

    Hilður: Ja, ikkje sant?!

    Floyd: Yay! Du kan lage informasjonshefte/plakatting?

    SvarSlett
  7. Kanskje man burde bruke hele desember måned på å la andre vite hvor glad man er i dem?

    I dag er det 2. desember og i dag skal jeg fortelle deg hvor glad jeg er i deg: glad i deg! Det er mye, det.

    SvarSlett
  8. Awh, ja!

    I love you too, I love you more, I love you most.

    SvarSlett
  9. Jeg er med. La oss kape en ny verden!

    SvarSlett