lørdag 23. mai 2009

I have a dream

Då eg var liten og gjekk i barnehagen, leika eg med bestekameraten min og me var trollmenn, riddarar, soldatar. Me hadde dragar som budde rett bak den fjelltoppen me kunne skimte frå toppen av hekken rundt leikeplassen som me ikkje fekk klatre i, men som me klatra i likevel. Eg drøymte om å verte arkeolog, om å dra til fjerne kantar av verda, og koste bort støv og sand som dekka store landsbyar eller dinosaurskjelett.

Eg drøymte om å verte vaksen, ha eit eige liv, ein eigen bustad, styre sjølv. Eg drøymte om å verte lærar, psykolog, detektiv, fallskjermhoppar. Eg drøymte om å leve.

No drøymer eg om å føle meg trygg. Om at hausten ikkje kjem til å verte så skummel som eg trur, og at eg finn vener på universitetet, i tillegg til å halde på dei eg har med meg frå åra som har vore. Eg drøymer om å kome tilbake til skulen min og undervise der om fem år. Eg drøymer om å ha ein eigen bustad med vindeltrapp, og kanskje ein å sovne ved sida av, som kan seie at alt er i orden, og at me kan dra til ein fjern kant av verda når me sjølv vil.

26 kommentarer:

  1. Det kommer til å gå fint til høsten. Men gjør det ikke det, ja da har du i det minste alltid meg.

    SvarSlett
  2. I hope so.
    Love you too. <3

    SvarSlett
  3. Hei! Takk for hilsen på min blogg for ei stund siden. Jeg husker deg vet du. Er innom bloggen din iblant. Kjekt å høre at du har bestemt deg for hva du skal studere! Høsten blir nok full av nye opplevelser. Studenttilværelsen er god. Det er bare å glede seg! :)
    Lykke til!

    SvarSlett
  4. Ja, eg grugler meg. :)
    Takk for lukkehelsing, veldig koseleg!

    SvarSlett
  5. å, så fin trapp.
    jeg også synes det er utrolig skummelt å tenke på høsten, samtidig som jeg gleder meg veldig. men det er jo selvfølgelig skumlere for deg, siden du må flytte og alt i tillegg. det pleier å ordne seg, though. jeg har gjort utrolig mye de siste årene som jeg aldri hadde trodd om meg selv.

    SvarSlett
  6. Eg har ei heil mappe som er full av vindeltrappbilete. :D
    Jaaa, alt vert nytt! Og eg føler meg så trygg på skulen eg går på no, in my element, er difor eg vil tilbake og arbeide der når eg er ferdig med lektorutdanninga. Håpar det skjer. :)
    Og ja, me too, og eg/me kjem sannsynlegvis til å overraske oss sjølv enno meir i åra som ventar.

    SvarSlett
  7. Du kommer sikkert til å få mange nye venner på universitetet ^^ jeg er redd for det samme, hvis det er noen trøst. Jeg vil også ha vindeltrapp :O

    SvarSlett
  8. Eg trur du komme te å klara deg heilt fint eg. <3 Og hvis du ska gå på universitetet så e det jo et stooort studentmiljø og sikkert nogen for deg der og. :)

    SvarSlett
  9. Det e ein fine drøm :)

    Me kan bli venner på nytt på universitetet?xD

    SvarSlett
  10. <33

    (og jeg drømmer også om sånne ting. spesielt det om høsten og universitetet)

    SvarSlett
  11. Amanda: Awh, eg håpar det. Og ja, det er jo ein liten trøyst. Kva skal du til hausten? Eg elskar vindeltrapper over alt anna! (Utanom ektemannen min, kanskje.)

    Angela: Satsar på det. <3

    Hilður: Ja. :) Haha, ja, for all del. Men er det universitetet du skal på no, du har bestemt deg?

    Lisa: <33 til deg òg. :)

    (Awh. <3)

    SvarSlett
  12. Neh, vett kje :/ Nåke må det vel bli utav meg...

    SvarSlett
  13. Du er fantastisk, Birte! I love you so.

    SvarSlett
  14. DU er fantastisk!
    Love you too. <3
    (Likar du det nye designet? :))

    SvarSlett
  15. åhh så fint.. høsten blir sikkert fin den og :)

    SvarSlett
  16. UUUH NY LAYOUT! :D

    SvarSlett
  17. Eg trur at det kjem til å bli bra.
    Viss det gjekk bra for meg gjere det for deg (Berre gløym at eg slutta på skulen XD, men eg trur at du likar å studera).

    Eg høyre faktisk på Optimist songen av Jahn Teigen *hjarta*

    Aww, ny layouten var nydeleg btw.

    SvarSlett
  18. Eg håpar det...

    Awh, søta! <3

    Takk, tenkte det var på tide med noko meir vårleg. :)

    SvarSlett
  19. Åå, kan jeg komme å skli på gelenderet på vindeltrappen din :D ?

    SvarSlett