fredag 13. november 2009

I raise a glass, make a toast, a toast in your honour

Hadde besto (farmor) vore i live, hadde ho vorte 90 år i dag. Tilbake i 1989, året eg vart fødd, feira familien min bursdagen hennar og ho sa til foreldra mine: "Kjem ikkje babyen i dag, så kjem ho om ei veke!", og ho hadde heilt rett.

Besto døydde av brystkreft i 1993, eg var litt over tre og eit halvt år då ho forsvann, ei tid då tre og eit halvt år verka som veldig mykje, og tårer fell ned på kinna mine når eg tenkjer at det einaste eg hugsar om henne er at ho låg i senga mi, på det gamle rommet mitt, og kor lita og uoppnåeleg ho verka.

Eg har arva krøllene hennar, og hadde ho vore i live, trur eg me hadde hatt langt fleire ting til felles. Dagen i dag har eg dedikert til henne. Ho har vore i tankane mine, eg har feira henne med kake og kvitvin, og om litt skal eg sjå I've Loved You So Long.

Eg saknar deg, besto.

11 kommentarer:

  1. Awh.

    Hu hadde vore veldig stolt øve deg. :)

    SvarSlett
  2. <3!

    Det er så trist at folk må bort. Jeg håper min farmor blir minst 90 også. Helst en del eldre, men.

    SvarSlett
  3. Val: (I will.)

    Nøve: Ja. <3 Besto vart 73, besten vart 44. Mormor og morfar er heldigvis framleis alive and kicking, til neste år vert dei 75 og 80. :)

    SvarSlett
  4. Det blir utrolig tomt etter besteforeldre. Jeg skulle ønske de levde til jeg fikk barn og litt lenger, så de fikk se oldemor og oldefar. Eller at de så at jeg klarer å fullføre videregående etterhvert, eller kanskje finner meg en certain someone.

    Det jeg skulle si, er at jeg skjønner deg. Jeg savner mine også. Hver dag.

    SvarSlett
  5. Ja. <3 Besten døydde, som eg har skrive allereie, då han var 44, pappa var seks, så sjølv om eg sjølvsagt skulle ynskje han hadde levd vidare, vert det likevel ikkje heilt det same som ho eg faktisk tilbrakte tid med. Eg har tenkt på henne meir og meir i det siste, dei siste månadane, vekene, dagane... Eg saknar henne så utruleg mykje, så mykje at eg nesten skulle ynskje eg trudde på ei høgare makt, at me alle endar opp ein stad, slik at eg ein gong kjem til å sjå henne igjen.

    SvarSlett