tirsdag 6. april 2010

Tankar frå ein busstur (på etterskot)

Det viktigaste er kjærleiken.

I dag har eg mottatt seks tekstmeldingar og alle har vore frå mamma. Eg har site på ein buss der den andre av dei to kvinnene som vekselvis sat ved sida av meg heitte Evy, og begge hadde blondt hår. På ferja var det ein mann som nøys og høyrdest nesten ut som pappa, men pappa er heime og han gav meg ein god klem før eg dro.

Eg har i løpet av bussturen lese ei inderleg fin bok og tenkt kor godt eg likar ordet "inderleg". På bussen var det ei jente som var omtrent like gammal som Børre, og så lenge hovudpersonen var i New York, tenkte eg på Nøve, medan eg tenkte på Mariell gjennom heile boka.

Ein dag skal eg dra til ein framand by og spørje folk kva som tyder mest for dei og om dei har nokon å elske. Til helga, når to skumle fyrsteutkast har vorte innlevert, skal eg sjå etter bankebrett og oppleve ein fin film.

Eg veit ikkje meininga med livet, meininga med å leve eller kva det tyder å "verte noko". Eg har få ambisjonar og små draumar, men eg veit at det viktigaste er kjærleiken. Det viktigaste er å elske.

Og så lurer eg på om forfalne hus vert triste når ingen gjer noko med at dei står der og døyr.

11 kommentarer:

  1. Åh, det va fint skreve! (som alltid.)

    Eg trur huso blir triste.

    SvarSlett
  2. Vel, et hus blir gitt nytt liv med nye beboere? Beboere, ja! Har fått romkamerat.

    Og ja, det vil jeg også si, å elske er det viktigste. Å elske. Å vise seg selv "bedre" eller sterkere enn å gå rundt å irritere seg, mislike, være trist over også videre. Men det er kanskje en livslang prosess? Hm? Jeg vil heller ikke være den som sukker fornøyd når ingenting i livet er bra i en periode. Da er det lov å gråte, være sint eller misfornøyd og herregud hvor jeg babler uten mening... Å elske er viktigst.

    SvarSlett
  3. Hilður: Takk. :)

    Ja, det trur eg òg.

    Ane: Ja, men dei som er ubebodde... Awh, spanande!

    Du bablar kanskje litt, men du har rett i alt du skriv likevel. :)

    SvarSlett
  4. Er det meningen at jeg skal vite hvem Børre er?

    SvarSlett
  5. Han er ein karakter i boka.

    SvarSlett
  6. Fint! (og jeg liker å bli forbundet med New York altså <3)

    SvarSlett
  7. Eg blir triste av å se på husene i det minsta.. :P

    SvarSlett
  8. Ja, det er så mange fine hus òg!

    SvarSlett
  9. Eg trudde at eg hadde kommentert her, men får gjera det nå :)

    Små draumar er viktig å ha. Har nokon av dei sjølv.
    Kjærleik <3

    Viss ikkje husa er/blir triste, så er eg det. Isteden for at det blir bygd nye hus så burde dei fikse gamle hus.

    SvarSlett
  10. Ja, det er dei. :)

    Så absolutt!

    SvarSlett