mandag 14. juni 2010

Puste(gråte)pause

Dette er den nye dagen. "Dette er den nye dagen," seier eg til meg sjølv, og veit heilt ærleg ikkje kva det tyder. Dette er pustepausar med vener og klemmar før folk drar heim. Dette er den nye dagen. Det nye ynskjet. Dei nye tankane som skal fylle meg frå tær til topp og eg skal syngje og vere glad. Dette er den nye dagen. Ingen maskerte menn skal ta meg bort, ingen kaffikoppar skal fyllast over. Dette er den nye meg. (Finst det nokosinne ein ny ”meg”?) Eg har alltid visst kven eg er. Har tatt nokre omvegar, men her er eg. Eg heiter Birte Valkyrje, går helst i kjolar eller skjørt, må ha hælar som lagar klikk-klakk-lyd for å overleve, og eg elskar. Eg elskar høgare enn himmelen, og pustar inn pollen som gjer at eg nesten ikkje klarer leve om sommaren (og våren), men det er sol og eg vil male eit stort maleri. Eg vil reinkarnere Jackson Pollock og kaste alle kjenslene mine på lerretet. Eg vil leve. Eg vil puste og leve. Eg vil vere her og no, fordi dette er den nye dagen og eg skal klare dette. Eg skal klare å kome vidare. (Har eg sagt at eg lever i fortida? Det er ikkje som om eg gjer det med vilje, det berre skjer. Dei einaste gongene eg er her, her og no, er med mennene som får hjartet til å galoppere og kinna til å blusse opp. Kapillæra mine er så nær huden min, skjøner de. Det er ikkje rart eg vert raud. Berre tenk på det smilet, og dei auga, og dei gongene han rørte ved meg og eg fekk frysningar over heile kroppen. Og… (ser du? Fortida tar over.) Eg skriv parentesar inni parentesar fordi tankane tar overhand. Klokka er snart to, det er ein time til djeveltimen og tankane tar overhand fordi det er sommar og eg har fri og universitetet er framleis skummelt sjølv om eg er ferdig med 20 % av utdanninga og vil eg eigentleg verte lektor lenger? Eg veit ikkje. Eg elskar Vardafjell, men eg veit ikkje om eg klarer vere ein god lektor. Og så har eg funne ut at sjølvtilliten min går stadig nedover. Eg var meir sjølvsikker i VG1 enn no. Og det skremmer meg, fordi eg veit ikkje kva som har skjedd, kvifor eg ikkje klarer slutte fikle med hendene når eg snakkar og kvifor orda har så vanskeleg for å kome, og eg har feil personlegdom for munnleg eksamen. Ein kan ikkje ha dårleg sjølvtillit og verte stille og inneslutta på eksamen, men det var det som skjedde. Eg mista tankane, er ikkje det ironisk? Eg som alltid har hovudet fullt av tankar. Og eg såg frå eksaminator til sensor, og eg følte meg så utruleg liten og eg ville berre klyve oppi fanget til mamma og liggje der til alt var over, slik som då eg var ei lita jente som ikkje klarte fylgje med på gudstenesta, så eg gøymte meg inni kåpa til mamma som lukta av parfyme og peparmyntedrops, medan ho song til salmane eg aldri syntest gav meining. Eg veit ikkje kva eg skal gjere.)

Men: eg skal til London. Og London er i England, og i England er alt vakkert fordi i England snakkar dei engelsk og sjølv om det berre er fem netter, skal eg blomstre i England. Eg må. Eg skal møte nesten-ektemannen min og ta bilete av alt som ikkje er turistattraksjonar og sjå fossil som er frå ei tid då det ikkje fanst tankar. Tenk så stille det må ha vore.

14 kommentarer:

  1. Aff, sjøltillit e nåke rare greier... I know it's hard. Og eg vett ikkje heilt ka eg ska sei (kanskje fordi eg har det sånn sjøl), men du vett at eg e her om du vil snakka.

    *Handshake*

    SvarSlett
  2. Nydelig skrevet, Birtemin. Så glad i deg! Håper du koser deg kjempemasse i London, og at du får hilse på Poirot. :)

    I'm always here for you.

    SvarSlett
  3. Takk, fine. <3 Glad i deg òg! Ja, det håpar eg òg. :)

    Likewise. <3

    SvarSlett
  4. Vakre ord, kjære Birte, sjølv om dei er såre. Er det ikkje rart med det; jo meir ein kan, dess mindre føler ein at ein kan. Eg veit at du vil bli ein super lektor på Vardafjell eller ein annan stad. Du har mykje å gi andre. Nyt England! Når reiser du?
    Klem frå meg.

    SvarSlett
  5. Tusen takk, kjære deg. <3 Eg/me drar 22. juni (med mindre vektarstreiken øydelegg) og kjem tilbake 27. juni. :) Hadde vore koseleg om eg kunne ha møtt deg ein dag før det, så kan du få gåva di?
    Klem

    SvarSlett
  6. Å så herleg! Eg skal ein tur til Haugesund sentrum på prikkedag torsdag morgon, men må tilbake før 12.00. Klem

    SvarSlett
  7. Eg har vurdert ein tur til byn i morgon sjølv, så det kan kanskje gå? :)

    SvarSlett
  8. Ser at Prikkedagen er på fredag, så eg er litt usikker på om det blir tur på meg i morgon.

    SvarSlett
  9. Okay. :) Eg skal i alle fall til byn på fredag, men det er eigentleg berre for ein frisørtime.

    SvarSlett