torsdag 1. juli 2010

London - Part II

Fredag 25.06.10
Dagen eg besøkte heile verda på éin gong, og dagen Zoë Wanamaker sa at eg ikkje måtte gråte

Det finst så utruleg mange stader å besøke i London, og for å gjere mange av dei justice burde ein eigentleg hatt fleire dagar til å bruke på kvar stad, men på fredagen fekk eg endeleg besøke Natural History Museum. Å kunne sjå og ta på fossil og skjelett som er fleire hundre millionar år gamle og gå rundt blant heile verda si fortid er mildt sagt surrealistisk, og det er så overveldande at ein må setje seg ned i eit (dårleg) forsøk på å ta alt inn over seg. Dei har faktiske dinosaurar der inne! Og om ein ikkje er så interessert i småting som korleis verda vart til og andre bagatellar som det, kan ein berre gå der for å beundre den fantastiske arkitekturen.







No i vår/sommar har dei ei heilt spesiell utstilling ute på plenen. Sjølve museet er gratis, men denne utstillinga kostar pengar (£4.00 om du er barn, pensjonist eller student, £6.00 om du er vaksen). Det er ei utstilling som tar deg til territorium du aldri før har vore, der du besøker (nesten) alle verdsdelane på éin gong og der klimaet er klamt og varmt slik at når du kjem ut i fri luft igjen så følest 27 grader svalande. Det er ein magisk stad som inviterer deg inn til sommarfuglane: sommarfuglar av ulike slag flyr rundt deg slik at du må vere forsiktig med kvar du går og står, og kvar hendene dine er, men likevel kan du føle deg fri og i kontakt med alt som er levande, fordi du er omkransa av sommarfuglar og du kan ta så mange bilete du berre vil, så lenge the magic fairy butterflies får forbli urørt.









Då eg måtte forlate sommarfuglane sendte eg dei eit luftkyss og ynskja dei all the best, før foreldra mine og eg tok undergrunnen til hotellet slik at me kunne roe ned i nokre timar, fordi på kvelden var det tid for All My Sons på the Apollo Theatre. Du veit, Arthur Miller-stykket der det i versjonen som vert spelt nowadays er David Suchet (aka. nesten-ektemannen min) og Zoë Wanamaker som har hovudrollene. Men den kvelden var så out of this world-amazing at han fortener eit eige innlegg (sjølv om dei fleste no har høyrt historia anyway). *to be continued*

Laurdag 26.06.10
Dagen eg vart komplimentert for den gode engelsken min av ein fellow veganer, samt dagen eg med eitt følte meg frykteleg einsam

Camden Market er eit univers for seg sjølv, med boder, butikkar, kafear og restaurantar, samt alt i mellom, så langt auga kan sjå (og litt til). I det eg kom opp trappene i undergrunnsstasjonen og ut på gata, innsåg eg at eg kan ikkje vente med å bu i England til eg er pensjonert og bur på Isle of Wight. Eg vil bu i Camden Town.

Hadde eg hatt pengar til det, eller skal eg seie: hadde eg vore tankefri nok til å bruke meir av pengane mine, måtte eg ha betalt ein haug til RyanAir for all overvekta eg ville ha samla opp, men sjølv om det altså ikkje vart så mange innkjøp er eg svært nøgd med det eg enda opp med. Som eit klokkesmykke som eg har ynskja meg i fleire år, og eit Alice in Wonderland-kort der det står "We're all mad here!", samt noko hemmeleg til Nøve og Siri, og andre fine, søte ting som hamna i posen og veska mi - til dømes dei tre bruktbøkene eg kjøpte som det luktar gammalt av og som eg veit andre har eigd og lese før meg, og eg føler meg heldig som får dele historiar med dei ukjente personane. Fordi me er eigentleg eitt, veit de. Me er menneske alle saman.


Eg åt ein kjempegod vegansk lasagne og på tilbakevegen fekk eg prøvesmake vegansk is av ein som stod utanfor der eg nettopp hadde kjøpt mat. Då eg fortalte han at eg var veganer eg òg vart han glad og me stod der og snakka, medan isen smelta og foreldra mine forsvann i bakgrunnen. Han vart overraska då eg sa eg var frå Noreg fordi "You have like no trace of an accent!" og eg smilte og tenkte det er både kjekt og slightly upraktisk at engelsken min er aller best når eg snakkar med andre som har det som morsmål, men det var ein koseleg ting å høyre, og før eg måtte gå vidare fekk eg ein ekstra smaksprøve.




Men det var sjølvsagt ikkje nok med dei tre bøkene frå brukthandelen, samt boka eg kjøpte på Anthropologie, og sidan me skulle dra heim tiiidleg neste dag insisterte eg på at me måtte innom Waterstone's i Piccadilly Street = ein sju etasjar høg bokhandel. Éi av bøkene eg kjøpte der var stykket frå gårsdagen, og medan foreldra mine såg etter klede til tantebarna mine stod eg ovanfor sceneinngangen til Apollo Theatre, på andre sida av gata, og las orda eg hadde følt, høyrt og sett kvelden før. Alle hendingane frå veka verka med eitt så langt borte, og eg kjente kor mykje eg sakna venene mine, medan folk hasta forbi meg, trafikken tuta og sirener song skingrande for å overdøyve samtalane som utfalda seg på gatehjørne, i kafear, pubar, på ein terrasse... Neste gong eg er i London vil eg bade i kjærleik.

Søndag 27.06.10
Dagen eg stod opp kvart over fem og møtte ein kjær ven med mykje bagasje

Søndagen var ein svært lite hendingsrik dag, men eg vart glad for å sjå Aleksander igjen, og frå flyet såg eg igjen blått møte blått og kjente at sjølv om det kom til å vere godt å kome heim til vener og laptop, så sakna eg England og London allereie.

10 kommentarer:

  1. Å, den bok"handelen" på sju etasjer vil jeg så innmari besøke! Drite i å pakke klær- ta med tannbørste og hårstrikk og bruke all vekt på bøker, bøker, bøker. Jeg må begynne å lage en liste, har en tendens til å stå der og øøøh-e fordi jeg ikke husker titler, forfattere eller leseropplevelser jeg vil oppleve på nytt. Jaja!

    London er en drømmeverden, håper jeg kommer meg dit en gang.

    SvarSlett
  2. Det virke som du har hatt ein superfin tur saman med foreldrene dine. Eg trur at ein ikkje kan eigentleg vera i London i nokre dagar. Ein må vera der i minst 3-4 veker <3
    Me må dit ein gong.

    Eg trur det er like greit at eg aldri har vore der (sjølv om eg har hatt kjempelyst over ein tredjedel av livet mitt), for eg hadde sikkert berre grene av alle dei fine inntrykka :p
    (+ eg trur det aldri blir noko av,men så lenge alle som reiser dit blir eg glad på deiras vegne)

    SvarSlett
  3. Det har du heilt rett i! Eg håpar å kunne bu i England/London i mange år.

    Awh, søte, det må du ikkje tenkje. <3 Eg meiner verkeleg at me skal dra dit i lag!

    SvarSlett
  4. Det hadde vore herleg (så herleg at ingen kan forstå det) Me må berre gjera det ein gong, ikkje berre planleggje.

    Herregud, eg gløymte å kommentera at eg synast at bileta dine var fine <3

    SvarSlett
  5. Absolutt!

    Awh, takk! <3 Medieelevpower. :P

    SvarSlett