mandag 24. januar 2011

Day I


1. 15 spanande og fine fakta om deg + eit bilete. ... Vel, det kjem i alle fall til å vere fakta.

1. Eg gir namn til alle (dei viktigaste) tinga mine.
2. Å bestemme meg for å slutte på Skeisvang (og året etter byrje på Vardafjell) er sannsynlegvis den beste og største avgjerdsla eg har gjort til dags dato.
3. Eg har 350 DVDar, men klarer alltid finne fleire eg har lyst på.
4. Majoriteten av venene mine har eg møtt gjennom Internett (og resten har eg stort sett vorte kjent med fordi me har gått i same klasse/på same skule).
5. Nokre ord er eg konstant usikker på korleis eg skal skrive, og då søker eg på Google (engelsk) eller i UiO si ordbok på nett.
6. Eg hadde hund som kjæledyr i ei veke, han heitte Frost og var ein dvergschnauzer.
7. Facebook og Gmail er alltid opne på nettlesaren min, og når eg fyrst startar opp Google Chrome opnar eg dei faste sidene i alfabetisk rekkjefylgje (DeviantArt, Eztv, Facebook, Gmail, Hotmail, YouTube).
8. Eg er konfliktunnvikande og ikkje spesielt flink til å krangle, eg byrjar som regel å gråte, le eller berre gi opp. Eg klarer heller ikkje å vere langsint.
9. Etter kvart som eg vert eldre har eg fleire og fleire byar/land eg vil reise til.
10. Det følest som om eg har vorte reddare og mindre trygg på meg sjølv i seinare år, men eg veit ikkje kvifor.
11. Nokre gonger får eg lyst til å klemme eller kysse ein framand.
12. Eg skulle ynskje me hadde meir dansing i dagleglivet.
13. Ein dag kom eg på dette ordet: "kvardagskjærleik", og eg syntest det var så fint at eg har det som standbynotat på mobilen min slik at det alltid er synleg.
14. Eg synest det burde vere mogleg å sende kjærleik på same måte som ein sender ei tekstmelding, fordi nokre gonger er ikkje ord nok, og av og til klarer eg ikkje skildre ting så godt som eg har lyst til.
15. Dersom du spør meg, så er puslespel den beste terapien som finst.

16 kommentarer:

  1. Ååh, dårlig gjort å ikke ha bilde!

    SvarSlett
  2. Vil du eg skal ha bilete av meg sjølv i staden for? :P

    SvarSlett
  3. :)
    (Men why oh why blir bildet gjennomsiktig? :P)

    SvarSlett
  4. Val: Tada!

    Neda: <3

    Al: :) (Fordi designet er slik og eg har ikkje kunnskap/ork til å fikse det. xD)

    SvarSlett
  5. Hurra for konfliktunnvikelse! Og kvardagskjærleik. <3

    SvarSlett
  6. Hah, kult bilde og nytt design! E visst litt med på bildet, eg òg. xD

    SvarSlett
  7. Klarer meg ikkje utan deg, veit du. :)

    SvarSlett
  8. Koffår hadde du honden så lite?

    SvarSlett
  9. Det tok den tida å finne ut at me ikkje passa som hundefamilie, I guess, som eg eigentleg visste frå før. Eg trur hunden skulle fungere som ein oppmuntrar på eit plaga ungt sinn, medan han berre gjorde det verre (men det var jo ikkje hunden sin feil, stakkars liten). Var ikkje meant to be, eg er nok meir eit kattemenneske (sjølv om eg er allergisk xD).

    SvarSlett
  10. Vil nå ikke si at du er spesielt dårlig til å skrildre ting, spesielt ikke når det gjelder de utrolig tekstene du legger ut her. Du er uansett et fint menneske og jeg skulle gjerne sendt kvardagskjærleik til deg hver dag! :D <3

    SvarSlett
  11. Takk for det, fine deg. <3 Men eg tenkjer litt slik som når til dømes nokon har mista ein dei er glad i og du har ikkje moglegheit til å vere der med dei og halde rundt dei and such, så strekk som regel ikkje ord til.

    SvarSlett
  12. Fine, fine deg <3

    - Lene

    SvarSlett