tirsdag 10. juli 2012

Blåbær på eit strå

Sjølv hendene mine kyssar deg.

Det regnar,
du har doggvåte skuldrer.

Hengjekøya heng høgt over bakken,
me latar som om me har funne
ei ny verd.

Verda vår.
Livet med deg.

Ligg ved sida av deg,
vil aldri dra.
Søv best når eg kan sovne
til lyden av pusten din.

Blåbær på eit strå.
Havutsikt.
To sveitte ryggar.

Her finst ikkje tid,
ingen strenge peikefingrar som dikterer kva som er
natt
og dag,
berre

to puter.

To dyner.

Og du som smiler i søvne.

8 kommentarer: