Då eg gjekk på ungdomsskulen (eg trur det var i 10.), så kunne min vedunderlege kontaktlærar og no ven i over ti år fortelje meg om ei bok som heitte Vindens skygge. Eg byrja å lese og forsvann inn i orda som skildra ein by eg aldri hadde besøkt, men som eg kom til å fantasere om i mange år etter. Eg las boka ferdig natt til ein ny skuledag, klokka hadde passert fire og eg gret - ikkje fordi slutten var trist, men fordi eg ikkje hadde meir å lese.
I åra etter har det kome to bøker til i det forfattaren Carlos Ruiz Zafón kallar serien om De glemte bøkers kirkegård. Natt til torsdag, då klokka var to, hadde eg lese ut den tredje boka som nettopp vart gitt ut på engelsk og norsk (ho kom ut på spansk i desember i fjor), The Prisoner of Heaven.
Eg har lese Vindens skygge tre gonger, ein gong på norsk og to gonger på engelsk, Engelens spill ein gong på kvart språk og så langt den tredje boka, The Prisoner of Heaven, på engelsk. Eg vil helst lese litteratur på originalspråket og hadde eg kunne spansk så skulle eg ha gjort det, men når eg ikkje kan det så hellar eg mest mot dei engelske omsetjingane sidan eg trass i alt er anglofil.
Det var ingen tårer denne gongen, men eg ser for meg at når den fjerde og siste boka kjem ut og avsluttar historia, så vil ho vere eit litterært fyrverkeri.
Eg veit ikkje heilt kva det er med desse bøkene. Kanskje det er korleis Zafón skildrar alt - kjærleik, liv og død - på ein så inderleg ekte og levande måte, der han tar i bruk dramaturgiske grep han har lært gjennom å skrive filmmanus. Kanskje det er korleis han skaper karakterar som verkar naturlege og sprell levande i fantasien til meg og alle dei andre millionane av lesarane hans.
Det er nok ein kombinasjon av mykje, men mest av alt trur eg det er det at han skriv med så stor kjærleik og lidenskap for litteratur i seg sjølv. Dette mystiske og tidvis uforklarlege som transporterer oss bort frå hybelleilegheitar, vestlandsbåtar og skogholt. Dette underlege fenomenet av bokstavar som til saman skaper heile univers for oss til å dykke ned i. Dette fantastisk vakre som me aldri må ta for gitt og som får hyllene våre til å sjå så utruleg mykje finare ut. Desse kjære bøkene våre, som me elskar så høgt.