Eg prøver å sovne.
Gjer eit nytt forsøk, tar eit djupt pust og kviler hovudet på puta som er gjennomvåt av tårene eg nettopp gret for deg.
Hadde eg fått bestemme, hadde du vore trygg.
Hadde eg fått bestemme, hadde hjartet ditt vore fylt av sommarfuglar, ikkje møll.
Hadde eg fått bestemme, hadde livet ditt vore i orden og bekymringane dine skulle ha handla om kva kakestrøssel som passar best til eit dåpsselskap og kva farge som er mest kjønnsnøytral: gul eller grøn?
Eg håper dei held rundt deg av kjærleik, ikkje griskheit.
Og eg håper du veit at mange mil frå der du er, så sit ein person med framoverbøygd rygg og nakke i senga si og skriv dette, fordi personen tenkjer på deg og vil deg ditt beste.
Så lenge eg veit at du har det vondt, så er det vanskeleg å sovne.
<3
SvarSlettRørande <3
SvarSlettTakk, kjære. <3 *klem*
SlettSå rørande, sterkt, vakkert. Hjarte.
SvarSlettTusen takk. Hjarte tilbake.
SlettDette var sterkt.
SvarSlettTakk, det vart framprovosert av personlege relasjonar kombinert med å ha sett filmen Elles på BIFF.
Slett