lørdag 8. desember 2012

Vintermørkret

Av og til må ein minne seg sjølv på å puste.

Eller ein står midt i ei trapp og treng litt tid for å hugse korleis ein går vidare.

Du verka alltid så sikker, men eg kunne sjå tankehjula knyte nevar rundt hjartet ditt og det kom ikkje til å ta lang tid før eg stod på fortauet igjen, kald og forlatt. Ikkje ein gong stjernene ville møte blikket mitt den kvelden, eg trur dei skamma seg meir enn deg.

Det finst eit golv utanfor leilegheita mi, det dannar eit intrikat mønster av små puslespelbitar med strekar som eg aldri tør å trø på. Bestefar sa at om eg trødde på strekane, så kom noko farleg til å skje med ein eg var glad i. Difor trør eg aldri på strekar, sjølv om eg tar tablettane mine kvar dag og lukkar auga når eg går ut døra for å handle mat (ein banan, ein klementin, to poteter, fire dadlar, sju esker med pastillar), eller for å tenne lys på graver til gløymde menneske som ikkje får besøk.

Dei seier det vert betre.
Dei seier det vert lyst igjen.
Dei seier det finst te og sjokolade og varme omfamningar.
Men eg ser berre mørkret og stormen som ventar på meg.

10 kommentarer:

  1. Svar
    1. Heldigvis lite sjølvbiografisk, fine deg, sjølv om eg nok finst i teksten likevel.

      Slett
  2. "Dei seier det vert betre.
    Dei seier det vert lyst igjen.
    Dei seier det finst te og sjokolade og varme omfamningar.
    Men eg ser berre mørkret og stormen som ventar på meg." <3


    Eg var sikker på at eg hadde kommentert her frå før av, men av og til blir kommentarane nekta å komme fram.

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjærleik til deg. <3

      På tysdag er i alle fall dette semesteret sin eksamensstorm over.

      Slett
  3. Håper eksamen gikk godt. Når det gjelder pusting, glemmer jeg det stadig. Hvertfall å puste med magen. Men har planer om å trene i julen:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, det gjekk så bra som det er mogleg å gå, faktisk! Akademia er rare greier, fordi eg syntest det var den dårlegaste teksten eg har skrive i UiB-samanheng.
      Håper du får ein fin ferie. :)

      Slett