søndag 1. desember 2013

Stort sett er konklusjonen den same

Han står framme på scenen, introduserer kvinna ved sida av han og seier "Dette er kjærasten min. Me har ikkje møtt kvarandre enno."

Hjartet mitt knuser og vert heilt igjen i neste augeblikk og eg veit eg vil skrive, men får det ikkje til, så eg skriv handlelister, notat, prøver på ein tekst eg ikkje vert nøgd med, vurderer om han er verdt å poste, utset det, lagar ein julekalender til kjærasten med 24 ting eg elskar ved han (pluss bonusrute). Saknar han med ein gong han har dratt og tel ned dagane til han kjem tilbake. Elskar han så mykje at eg byrjar å gråte. Græt nesten på generalforsamling. Græt av filmen eg ser før det er leggjetid, men vert oppgitt over at filmskaparen er allergisk mot stille. Stille er eit av dei beste verkemidla som finst. Stille er viktig.

Eg veit ikkje kva livet mitt kjem til å føre med seg, eg har ingenting konkret å svare når folk spør meg kva eg vil gjere etter eg er ferdig med masteren min og eg får små samanbrot når alt har bygd seg opp over for lang tid og eg har tid til å tenkje på det, men stort sett er konklusjonen den same:

Eg er god på å elske, og han eg elskar høgast av alt elskar meg tilbake og gir meg den støtta eg treng til å halde fram med masterarbeid og møte nye dagar. Me møtte kvarandre i Haugesund ein kald torsdagskveld i mars i fjor og så lenge framtida mi har han i seg, så kjem alt det andre til å gå bra.

4 kommentarer: