fredag 14. mars 2014

(Snart) Fem år i Bergen

I går fekk eg brev frå SiB der dei minna meg på at leigekontrakten min går ut i juli, før dei lista opp alt eg må ordne før eg kan flytte ut og (forhåpentlegvis) få depositumet mitt tilbake. Det fyrste som slo meg då eg fekk brevet var kor mykje eg gler meg til å flytte frå naboen min og bu saman med han eg elskar.

Sjølv om eg framleis har nokre månadar igjen, tenkte eg å ta ein spasertur ned memory lane og dele nokre glimt frå livet mitt i ei hybelleilegheit i Bergen.

Då eg flytta til Bergen i august 2009 såg leilegheita slik ut (pluss bad og gang).



Me klarte å pakke alt i Jettaen til foreldra mine fordi me skulle handle møblene på IKEA her i Bergen. Så vidt eg hugsar har eg vore med på å byggje alt saman, men pulten fekk nok mest merksemd og det er den eg har tilbrakt mest tid med utanom senga mi.


Golvet mitt har sett fleire puslespel, saman med ei madrass har det gitt sengeplass til fleire veninner og kvar gong eg har rydda vekk tørkestativet mitt har det verka som om leilegheita har vakse.



Senga mi heldt seg enkel fram til eg møtte bømlingen min, me trylla ho om til å verte ei dobbeltseng og klatrar over ho fleire gonger til dagen fordi det er omtrent fem cm mellom senga og kjøkenskapet når ho er i besøksmodus.

Det er ikkje lov å lage hol i veggen, så etter å ha budd her ei stund laga eg ei gruppe på Facebook der eg inviterte venene mine til å sende meg postkort som eg kunne hengje frå lista på den eine langsida av leilegheita. Det går raude trådar mellom alle korta, arka med sitat, bileta og diktet i midten. Øvst i midten heng halvparten av det fyrste kortet eg fekk av elsklingen min, den andre delen står over spegelen min på badet.




Fordi leilegheita er så lita, må eg ha skittentøyskorga i klesskapet. Det er ei ryddig løysing, men eg synest synd på kjolane mine.

Dei fyrste par åra brukte eg ikkje boda mi, eg sjekka ho ikkje ut ein gong, men i løpet av dei siste åra har ho fungert som ein mellomlanding for ting som skal verte med meg vidare, men som eg ikkje treng ha i leilegheita, samt lager for sesongbetonte klede.

Eg har Mummikoppar på tre forskjellige stader her på Vestlandet; i Bergen, heime hjå foreldra mine og heime hjå bømlingen min. Eg gler meg til alle kan samlast på éin stad.


Eg gler meg òg til å kunne samle alle bøkene, CD-ane, DVD-ane og vinylane mine på ein stad, samt å kunne ha platespelaren min og (den fungerande) skrivemaskinen i same rom.





Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere med korta på veggen, eg trur eg skal samle dei i ei Bergeneske saman med breva eg har fått i løpet av åra og korta som har mellomlanda i bokhylla mi.

Vindaugskroken min er ikkje den mest komfortable sitjeplassen i verda, men eg elskar han og har lese fleire (pensum)bøker der enn eg kan hugse.


Plakaten på inngangsdøra mi er frå då eg besøkte NKF og enda opp med å vinne ein iPod. Han er full av sitat frå bøker, filmar og fjernsynsseriar, men det er framleis plass til fleire ord om nokon har gode forslag.


Eg budde her i fire år før eg (vel, bømlingen min) lyfta bort hybelkomfyren og me fann ut at det var plass til stikkontakten på veggen bak komfyren.

Eg budde her i to år før eg skrudde på varmekablane på badet.

Det var i Bergen at eg fyrst møtte Knut Nærum, Liv Ullmann, James Randi, Linda Eide, Anne-Kat. Hærland og Loudon Wainwright III (og mange andre).





Det var i Bergen at eg fyrst såg Antony and the Johnsons, Goran Bregovic, Kaizers Orchestra (og mange andre) live.

Eg har skrive ei bacheloroppgåve her og snart har eg skrive ferdig ei masteroppgåve.


Det var her at eg fyrst fekk besøk av han som skulle verte kjærasten min.


Eg lurer på kor mange fleire esker me treng når eg skal flytte.

8 kommentarer:

  1. Så spennende. Og oi, 5 år på samme sted? Tror jeg aldri har bodd så lenge på et sted noen gang. Det må bli godt med noen forandringer!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, 20 år i barndomsheimen og fem på 18 kvm i Bergen. Det vert veldig fint å kunne bu ein stad der eg står friare til å dekorere og møblere slik eg (og kjærasten) vil og der eg faktisk kan spikre i veggen. Det finst grenser for kva ein kan finne på her når det er så lite.

      Slett
  2. Utrolig pent bilde av dere på bunnen der! Du er så skjønn! Savner deg masse!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! DU er skjønn og eg saknar deg òg. <3

      Slett
  3. Åh, det må bli fanastisk for deg. <3 Tenk at du har klart å holde ut på liten plass i fem år UTEN mulighet til å henge opp det du vil og samle alt på en plass! Håper du er stolt av deg selv. :) Men nå kommer premien, å bli samboer og ha en utdanning i lomma. Er så glad på dine vegne!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Det vert gode greier. :) No må eg "berre" skrive ferdig denne masteroppgåva...

      Slett
  4. Veldig spennende! :) Og åh. De mummikoppene er så fine. Samle på de selv! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei er kjempefine! Eg har over 20 stykk, men vil framleis ha fleire. Håper dei lagar ein med trollmannen snart (han som flyr på ein svart panter).

      Slett