Vit at du er viktig. Vit at du fortener å verte høyrt. Vit at du er sterk. Vit at du er elska.
søndag 29. november 2015
fredag 20. november 2015
Livsvisdom frå ein halv kortstokk
I dag fyller eg 26 år, aka. ein halv kortstokk, og vel difor å dele litt visdom eg har samla opp så langt i livet:
1. Bruk tanntråd! Det er utruleg kor mykje tannkosten ikkje får tak i.
1. Bruk tanntråd! Det er utruleg kor mykje tannkosten ikkje får tak i.
2. Tanntråd som skryt av at han ikkje splittar seg, kjem til å splitte seg.
3. Smil til framande. Eit lite, høfleg smil til ein forbipasserande kan ha mykje å seie.
4. Kommuniser med kvarandre! Eg veit at filmar og seriar er fulle av folk som er elendige på å kommunisere. Det er faktisk så ekstremt at dei gjer seg sjølv galne fordi dei diskuterer situasjonar med alle andre enn personen det gjeld, og endar som regel med ein eksplosjon av ein krangel, men dette kan altså forhindrast om de berre snakkar i lag.
5. Bruk sykkelhjelm! Det er kanskje ikkje verdas beste look, men det er ikkje så kult å ha hjernemassen smørt utover asfalten heller.
6. Finn tid til å gjere det du elskar. Det som inspirerer deg. Det som gjer at du føler deg levande.
7. Les! Same kva sjanger, format, språk, medium... Berre les.
8. Ver nysgjerrig! Prøv å halde fast på fantasien og undringa du er fødd med.
9. Opplev nye ting. Ikkje lås deg fast i bestemte tankemønster. Våg å prøve noko nytt. Utvid horisonten din. Reis! Lev! Oppdag! Vert sjokkert! Vert frelst! Få hjartet ditt knust og finn ut korleis du kan gjere det betre.
10. Våg å elske. Det er skummelt og risikabelt og spanande og utfordrande. Og det er heilt fantastisk.
11. Ikkje gjer som mora di seier. Eller faren din. Eller kven som helst. Det er berre du som kan vite kva som er best for deg og ditt liv.
12. Be om hjelp. Stort eller smått. Livsviktig eller trivielt. Alle har rett på hjelp og folk flest ynskjer å gi det, men det er opp til deg å be om det.
13. Finn folka dine. Når du veks opp og finn ut av kven du er som person, så er det ikkje sikkert du er så heldig at du går i klasse med nokon som deler interessene dine. Men ikkje gi opp, fordi eg veit at dei finst. Kanskje må du ut i verda for å finne dei. Kanskje er dei berre nokre tastetrykk eller ein busstur unna. Men eg lover deg. Dei finst.
torsdag 12. november 2015
Å stå i regnet
Du tenkjer du vil skrive at du kan høyre regnet spele trommer på vindauget, men det følest som den største litterære klisjeen som finst, sjølv om det er meldt storm og verda er i ein unntakstilstand.
Kanskje heile livet er i ein unntakstilstand.
Det som fristar mest i augeblikket er å stå i regnet med støvlar på og la det trenge inn gjennom ull og polyester til det når hjartet ditt, fordi det er så mykje negativitet rundt deg for tida at du har gått tom for tårer.
Du håper regnet kan gi deg svar. Dette regnet som gjer alle reine og uskyldige.
Du kan ikkje redde verda, men du kan gjere din del. Syngje når du ventar på bussen, smile til framande, og bake kjeks til neste fotballkamp.
Og neste gong du er ueinig i det alle dei andre rundt bordet seier - sjølv om det er seks mot ein - så skal du ha mot til å seie i frå.
Empati er ein tapt kunst.
onsdag 11. november 2015
Kanskje
Stol på meg.
Eg veit det er mørkt og kaldt og jævlig. Eg veit det er mykje du ville ha gjort, men det er best å møte verda litt etter litt. Du treng ikkje gå ut. Ikkje i dag. Kanskje eg kan halde deg i handa. Kanskje me berre kan sjekke posten? Nei, det er greitt. Eg forstår. Kanskje i morgon. Kanskje neste veke. Kanskje du finn noko i avisa som du har lyst til å prøve? Ei av dei damene med milde auge. Det står her at du kan ringje dei, så du treng ikkje forlate senga. Vêrmeldinga seier det er moglegheit for snø i morgon. Kanskje du vil vere med meg ein tur då? Gatene vert så stille når det snør.
Du treng ikkje unnskylde deg, det går fint. Så lenge du ligg her, er det her eg vil vere. Du kan stole på meg. Det vert sikkert betre i morgon.
Abonner på:
Innlegg (Atom)