mandag 31. oktober 2016

Barndomstankar

Då eg var liten var verda full av trollmenn og drakar. I skogen fanst det troll og vetter, og i det kvite huset budde det spøkjelse. I den litle glipa i berget fann me huleteikningar og beinrester, og trerøtene som gjekk langs jorda var leidningar i romskipet me brukte for å dra på oppdagingsferder.

Eg drøymde om å vere arkeolog, eller kanskje journalist. Sjølv om det eg assosierte med journalistikk hadde eigentleg meir å gjere med å vere som Tintin og reise rundt i sjøfly med ein liten kvit hund og løyse mysterium.

Eg lengta etter havet. Ikkje fjorden som skein i sola nedanfor huset vårt, sjølv om den var fin i seg sjølv og perfekt å bade i til eg fekk rosinfingrar. (Eg nekta for at eg var kald sjølv om leppene var blå.) Eg lengta etter det opne havet, med sjørøverskip der langsidene var dekka av kanoner og piratane ombord var snille som faren til Pippi og kunne lage skipsbuffet.

Eg ville byggje trehytter og luftskip, og fly på rosa skyer. Eg skulle redde verda med å vere snill og hjelpsam og bake kake til alle...

Eg har kanskje ikkje alle dei same ideane lenger, og den praktiske og rasjonelle sida av hjernen min veit at det meste i livet er komplisert, men det er fint å kunne sjå tilbake på kven ein har vore, kven ein er no og korleis tankane og kjenslene har utvikla seg gjennom åra. Dessutan kan eg framleis skimte drakar og sjørøverskip - om eg ser nøye nok etter - og eg trur framleis at ein kan redde verda (i alle fall bitte litt) med å vere snill og hjelpsam og bake kake til alle.


2 kommentarer: