Har du det slik at du assossierer i tide og utide, slik som meg? Eg ser ei rose og tenkjer på læraren eg hadde frå 1.-4. som gav alle ei gul rose då ho skulle slutte, fordi ho alltid køyrte rundt i den gule bilen sin. Eg tenkjer på Nick Cave og på Jon Almaas som har skrive kva all slags ulike kombinasjonar av fargar og antal har å seie når ein skal gi roser til nokon. (Ei raud rose tyder at du begjærer personen. Think about kor mange som gir enkle, raude roser på utdelingar og den slags, utan å vere klar over det.)
På rommet mitt har eg over 230 DVDar og eg assosierer noko med kvar einaste ein av dei, det same med CDane og bøkene som begge er i omtrent like mykje antal, om eg hadde leita fram alle og summert.
Når eg leser ei bok høyrer eg vanlegvis på musikk, og dermed vert akkurat den plata eller den artisten assosiert med den utvelte boka. Då eg lånte Harry Potter-bøkene til ein kamerat, var det Regina Spektor - Begin to Hope. Jan Kjærstad - Tegn til kjærlighet høyrer i lag med Ane Brun - Changing of the Seasons og no som eg leser Carlos Ruiz Zafón - Engelens spill, er det Bonnie 'Prince' Billy - The Letting Go. Så i dag tidleg då eg sat på ein (meir enn) fullasta buss på veg til skulen og drog opp den 635 sider lange boka og tok til å lese, kunne eg høyre Bonnie i det fjerne, sjølv om eg sat (for meg sjølv, men langt i frå åleine) på ein buss der fjortispraten nærmar seg ei kunstform.
Assosierer du mykje? Har du minne som straumar ut av deg når du ser dei mest trivielle ting? (Sorry, tenkte eg òg skulle teste ut å ha spørsmål til slutt...)
onsdag 15. oktober 2008
Literary soundtracks
torsdag 18. september 2008
A look into the future
Havet slår inn mot klippene på Isle of Wight. På den eine bakketoppen står eit einsleg hus og kjempar i mot stormen. Det vart bygd spesielt for eigaren og vindeltrappa på innsida går opp til eit stort tårn der eigaren har kontor med panoramautsikt. Når ho treng eit avbrekk frå skrivinga, tar ho gjerne taubanen som går ned til sjøkanten og opp igjen, fordi då føler ho at ho lever, men i dag er det for sterk vind, så i staden for lagar ho seg ei kanne med peparmyntete og tar på den enkle, blå NoaNoa-kjolen sin og har den gode strikkejakka over. Strikkejakka ho kjøpte ein septemberdag i Haugesund då livet verka så utruleg kort og langt på same tid, og då ho elska ein mann som alltid såg ut til å forlate henne.
Ho elskar han framleis, og han klarer alltid snike seg inn i tekstane hennar, sjølv når ho prøver å unngå det.
Kontoret er fylt med bokhyller der bøker og personlege suvenirar lever i eit harmonisk parforhold. Dei to tekoppane ho kjøpte på ei antikvitetsmesse i 2007, som verkar som ei æve sidan, står på toppen av ei høg bunke med pocketbøker og Amadeus, telyshaldaren den store kjærleiken gav henne til 18 årsdagen, har fått heidersplass.
Ho har enno ei Agatha Christie-hylle og Hercule Poirot er framleis ektemannen hennar, sjølv om ho las den siste boka om han, der han døyr, i 2004. I hylla har ho Paris-vifta ho kjøpte då ho var på språkreise med to, på den tida, nære veninner.
Forfattaren brukar ikkje laptop til den kreative skrivinga lenger. Han er god for å halde kontakt med vener og for å kjøpe nye bidrag til filmsamlinga som aldri ser ut til å ha ein ende, men når ho skal bruke fantasien er det ingen tastar som er betre enn Wolfgang sine. Wolfgang som har vorte over 100 år gammal og som det er eit under at fungerer. Ho elskar han høgare enn noko anna materialt ho har.
Huseigaren har hatt det nye namnet sitt i 30 år og har aldri angra på at ho endra det, og strikkejakka ho kjøpte onsdag 17. september, 2008, var eit av dei beste kjøpa ho noko gong gjorde.
Birte Valkyrje Lund seier hallo frå framtida og viser eit bilete av strikkejakka som gjorde alt mogleg:
(Og nei, eg har ikkje endra namn, men det er det namnet eg vil endre til når/om eg gjer det. Og jakka er meir blå enn ho ser ut som på biletet.)
