torsdag 18. september 2008

A look into the future

Havet slår inn mot klippene på Isle of Wight. På den eine bakketoppen står eit einsleg hus og kjempar i mot stormen. Det vart bygd spesielt for eigaren og vindeltrappa på innsida går opp til eit stort tårn der eigaren har kontor med panoramautsikt. Når ho treng eit avbrekk frå skrivinga, tar ho gjerne taubanen som går ned til sjøkanten og opp igjen, fordi då føler ho at ho lever, men i dag er det for sterk vind, så i staden for lagar ho seg ei kanne med peparmyntete og tar på den enkle, blå NoaNoa-kjolen sin og har den gode strikkejakka over. Strikkejakka ho kjøpte ein septemberdag i Haugesund då livet verka så utruleg kort og langt på same tid, og då ho elska ein mann som alltid såg ut til å forlate henne.

Ho elskar han framleis, og han klarer alltid snike seg inn i tekstane hennar, sjølv når ho prøver å unngå det.

Kontoret er fylt med bokhyller der bøker og personlege suvenirar lever i eit harmonisk parforhold. Dei to tekoppane ho kjøpte på ei antikvitetsmesse i 2007, som verkar som ei æve sidan, står på toppen av ei høg bunke med pocketbøker og Amadeus, telyshaldaren den store kjærleiken gav henne til 18 årsdagen, har fått heidersplass.

Ho har enno ei Agatha Christie-hylle og Hercule Poirot er framleis ektemannen hennar, sjølv om ho las den siste boka om han, der han døyr, i 2004. I hylla har ho Paris-vifta ho kjøpte då ho var på språkreise med to, på den tida, nære veninner.

Forfattaren brukar ikkje laptop til den kreative skrivinga lenger. Han er god for å halde kontakt med vener og for å kjøpe nye bidrag til filmsamlinga som aldri ser ut til å ha ein ende, men når ho skal bruke fantasien er det ingen tastar som er betre enn Wolfgang sine. Wolfgang som har vorte over 100 år gammal og som det er eit under at fungerer. Ho elskar han høgare enn noko anna materialt ho har.

Huseigaren har hatt det nye namnet sitt i 30 år og har aldri angra på at ho endra det, og strikkejakka ho kjøpte onsdag 17. september, 2008, var eit av dei beste kjøpa ho noko gong gjorde.

Birte Valkyrje Lund seier hallo frå framtida og viser eit bilete av strikkejakka som gjorde alt mogleg:

(Og nei, eg har ikkje endra namn, men det er det namnet eg vil endre til når/om eg gjer det. Og jakka er meir blå enn ho ser ut som på biletet.)

21 kommentarer:

  1. Åh, digg innlegg, Birte! :D
    Hadde håpt du hadde eit bilde av meg og deg hengande i det fantastiska huset ditt, då :/ :P
    Og gratla med ny jakka, an va fin! :P

    SvarSlett
  2. Eg føle eg har sett Streep i ei lignande jakka i ein film? :o

    SvarSlett
  3. Sjølvsagt har eg det! Kan ikkje nemne alt, veit du. :) Eg tok jo berre for meg det mest vesentlege på kontoret, og det er for det meste bøker. :)

    Fullt mogleg! Eh... hmm... Ho er litt The Hours-aktig, føler eg. Trur ikkje ho brukte ei slik i The Hours, men heile jakka minnar meg om den filmen, om du forstår kva eg meiner...

    SvarSlett
  4. wow, du e så flink:) Eg har lyst på et hus med tårn :)

    SvarSlett
  5. Awh, takk. :)
    Du kan få deg eit du òg? :D

    SvarSlett
  6. Ja, der har me det! Eg har sett den filmen to gonger, men eg trur eg sovna :P(Unnskyld.) Kanskje eg hadde likt an bedre nu.

    SvarSlett
  7. Vel, det er kanskje meir ein film for spesielt interesserte, men eg elskar han. :) Du treng ikkje unnskylde. :P

    Kan jo teste neste helg? :)

    SvarSlett
  8. Mnjaa, jedna det. Får sjåo :p
    Gleda meg! :D

    SvarSlett
  9. Du må fortsette på resten av huset! xD (and I luv it <3)

    SvarSlett
  10. Cavie: Haha, vel, alt til si tid. :) Akkurat no var kontoret viktigast.

    SvarSlett
  11. I luvluvluv your office. Jeg vil komme på besøk, og gå langs hyllene med pekefingrene på hver eneste tittel. Du må be meg en gang. Jeg skal gå opp trappen din, og bli tatt imot av en Birte Valkyrje i en nydelig blå strikkejakke.

    SvarSlett
  12. I love it too!
    Det skal eg gjere, du må berre vente eit par tiår... :)

    SvarSlett
  13. Det var eit veldig fint namn, og ein veldig fin strikkejakke(!)

    SvarSlett
  14. Det kunne vært litt selvbiografi-ting, bra skrevet, Birte :)

    SvarSlett
  15. Nøve: Takk. :)

    Cavie: :P

    Neda: Det er jo ein sjølvbiografi, only, vel, skrive før det eigentleg har skjedd, så på sett og vis er det meir ein ynskjeleg sjølvbiografi. (Fiksjonell sjølvbiografi? Hmm, mind twister...) Takk anyhow. :)

    SvarSlett
  16. Nå er Lene innlogga :D
    Mange nye innlegg du har skrivet, det likar eg for du har mykje ting som er fine å lese. Eg tenkjar faktisk at eg vil at framtida mi vil vera sånn, berre det er i Skottland eller heime i Noreg om eg får eit gamalt hus å pussa opp.

    Btw, fin strikkejakke. Kom ned til Stavanger ein gong, så kan me gå å leite etter gamle bøker osv, viss du vil då :p

    Eg gler meg til å få nett fast sånn eg kan kommentera meir og følge meir med enn kva eg har gjort etter at naboens nett slutta å funka :(

    Men eg får avslutta, og eg veit ikkje neste gong eg får sjekka bloggen din. xoxo Lene :D

    SvarSlett
  17. Yay, gratulerer! :D

    Awh, ja. Håpar du får nett igjen snart! :)

    SvarSlett