torsdag 20. november 2008

19 years of fabulous

Så var dagen der. Dagen eg har venta på i sånn cirka eit år. 20. november, ein nydeleg dato, om eg får seie det sjølv. Fantastisk fordi... fordi me har hatt norskprøve, sjølvsagt!

Nei, ok, eigentleg fordi eg har bursdag. Som i og for seg er veldig kjekt, MEN eg er sjuk. Eg vert sjukare og sjukare, eg har eit supertungt hovud og hostar og snufsar, eg er generelt lei. Men kan eg vere heime? Nei. Fordi Birte har aldri vore borte når det har vore prøve på skulen, ei heller har ho tenkt å byrje med det no. Men i morgon, då kan ho vel vere heime? Nei, fordi då skal me skrive stil. Som er kjekt, men ja...

MEN (men, men, men...) sidan det då er min dag i dag (ja, eg veit det er fleire som har bursdag i dag, men whatevZ), tenkte eg at eg skulle skrive litt trivia om meg sjølv, ting de kanskje ikkje veit...

Tada!:
- eg synest at å setje på plass varer (helst matvarer) etter at eg/me har handla, er noko av det kjekkaste i verda.
- eg vert sjeldnare forkjøla no enn då eg framleis hadde mandlene, men no når eg vert sjuk, vert det mykje verre og varer lenger.
- eg veit ikkje namna på folka i band eg likar, eg synest heller ikkje at det er nødvendig å vite det.
- (MEN) eg kan ikkje fordra når personar høyrer på musikk eller nettopp har sett ein film/TV-serie og så ikkje hugsar kva artisten/bandet/filmen/TV-serien heiter. Altså, om det er noko dei høyrer/ser mykje på.
- eg får dei beste ideane mine når eg er på badet, men gløymer dei ofte før eg kjem tilbake til rommet eller ein annan stad der eg kan skrive dei ned.
- på ungdomsskulen gjekk eg i Mudd-bukser frå JC og brukte collegejakker frå BikBok (og Vero Moda).
- uansett kva som skjer med meg her i livet; eg SKAL ha vindeltrapp i min komande bustad/hus.
- eg vert utruleg fort glad i folk, held fast ved dei lenge og saknar dei ofte.
- overtalet av dei fantastiske vaksne eg har møtt/kjenner, har vore lærarar.
- smalltalk er noko av det verste i verda (denne har de sikkert fått med dykk etter sist blogginnlegg, men...).
- dei åra eg gjekk på ungdomsskulen sov eg gjennomsnittleg 3-4 timar kvar natt.
- eg ser ingen store problem med forhold der det er ein tydeleg aldersforskjell, så lenge begge partane er myndige og bryr seg om/elskar kvarandre.

Ha ein god Birtedag! (xD)

21 kommentarer:

  1. Søte, søte, verdens søteste, min Birte. <3 Gratulerer med dagen igjen! Og jeg er kul, for jeg visste mye av de punktene, jeg!

    SvarSlett
  2. Awh, tusen takk, skjønne deg!
    Superkul! :D

    SvarSlett
  3. eg liker å sette på plass varer mens de fremdeles er i butikken eg. Men ikke på min butikk da.
    Masse gratulerer med dagen Birte, igjen. Eg har en fin birtedag, håper du og har det.

    SvarSlett
  4. Ja, det er òg gøy. Rette opp når folk har lagt ting i frå seg på feil plass og slikt. Setje prislapp på varer er òg kjekt, særleg når dei er firkanta og oppi ei eske, til dømes, slik at ein kan gjere det skikkeleg fort over alle. :D (Gode 6. og 9. klasse-utplasseringsminner. xD)

    Han hadde vore finare, hadde eg vore frisk, men veldig ok likevel. :)

    SvarSlett
  5. Gratulera med dagen igjen (facebook), og god betring og åå eg likte lista di! Må berre ta opp eit par ting.

    - eg veit ikkje namna på folka i band eg likar, eg synest heller ikkje at det er nødvendig å vite det.
    - (MEN) eg kan ikkje fordra når personar høyrer på musikk eller nettopp har sett ein film/TV-serie og så ikkje hugsar kva artisten/bandet/filmen/TV-serien heiter. Altså, om det er noko dei høyrer/ser mykje på.


    HEILT EINIG.

    - på ungdomsskulen gjekk eg i Mudd-bukser frå JC og brukte collegejakker frå BikBok (og Vero Moda).

    Oioi, det var av ein eller annan grunn veldig vanskeleg å sjå for seg. Fnis. Eg hugsar Mudd-hysteriet. Eg hadde ei Mudd-bukse, som eg kjøpte då dei var på veg "ut" og var på tilbud. Haha!

    SvarSlett
  6. Gratulera med dagjen vennen! <3

    SvarSlett
  7. Gratla med dagen igjen :-P (Ser for meg deg i Mudd-buksa xD)

    SvarSlett
  8. Nøve: Tusen takk! :)
    Og ja, hehe, men kan seie med handa på hjartet at eg ikkje har brukt det på fire år. :P

    Angie: Takk. <3

    Hilður: Takk, igjen. :P Eg har sikkert bilete ein stad, haha.

    SvarSlett
  9. Gratulerer så mye med dagen! :)

    SvarSlett
  10. Holy crap, jeg var sikker på at det var imorgen! Gratulerer så mye! 19 år er en big deal. 19 er stort. HAPPY BIRTHEDAY. (ja jeg vet det er uten h.)

    SvarSlett
  11. Gratulera med dagen :D

    "- uansett kva som skjer med meg her i livet; eg SKAL ha vindeltrapp i min komande bustad/hus."
    Lene òg :D

    SvarSlett
  12. Ingrid: Takk! :)

    Ane: Hehe, takk. :)

    Lene: <3

    SvarSlett
  13. Gratulerer!! Håper du hadde en kjempe fin dag! ^^

    Jeg gikk også med mudd bukser på ungdomskolen :\
    Du burde ta med deg en skrivebok inn på badet :) (Da vil jo ikke folk begynne å lure sant :P)

    SvarSlett
  14. Gratulerer med dagen, cutie! : D

    SvarSlett
  15. Panda: Tusen takk! :) Skal feire med vener i dag, men skuledagen/torsdagen var fin den òg.
    Haha, neeeeeidå. xD

    Aida: Thank you, sweetheart! :

    SvarSlett
  16. gratulerer med dagen igjen, selv om jeg nå er WAY LATE :D

    og jeg husker ofte ikke navnet på filmer jeg har sett på tv. spesielt sånne romantiske komedier som går på tvnorge/tv3. ohwellzzz

    SvarSlett
  17. Gratulera me overstått! Va kjekt i går :D

    SvarSlett
  18. Lisa: Takk you!

    Vel, det er jo forskjell på om du switchar innom og ser ein C-film på TV-Norge, og om du drar på kino og betalar for å sjå ein film.

    Floyd: Tusen takk. Bra det! :)

    SvarSlett
  19. Eg skal skaffe deg ei fin vindeltrapp, eg.

    SvarSlett