torsdag 11. desember 2008

It's like a time-spacecontinuum thing

Det verkar som om alle er i si litle verd i dag. Sveinbjørn går rundt i eigne tankar, og ser heilt forvirra ut når eg skal til å spørje han om noko. Utvik sit med headset på øyrene og komponerer det neste store musikkstykket, og Siri og Floyd er så omslynga i kvarandre sine armar at dei ikkje har plass til meir enn seg sjølv, men det er veldig skjønt.

På grunn av alle desse, samt andre som har vandra rundt totalt oppslukt av dagdraumar og kjærleikshåp, har eg byrja på ein tekst til media som heiter "Min verden" (ja, eg skriv han på bokmål, det berre vart slik...). Til no er han berre på tre (ganske korte) avsnitt, og mobilen min fann ikkje brillene sine så han kunne ikkje hjelpe, men eg håpar eg vert ferdig til måndag, sidan det faktisk er siste frist.

Det er vanskeleg å skrive no om dagane, spesielt når tekstane er tvungne. I fylgje mobilen min har eg kunstnerisk teft, men eg klarer likevel ikkje å tvinge fram ei novelle (som visst nok er umogleg, seier han). Trass i dette, så prøver eg. Prøver, prøver, prøver... Three paragraphs and counting.

12 kommentarer:

  1. But not me! We're the dream team, amiright? :D

    SvarSlett
  2. Val: Yeah! :D

    Ane: Thanks, hon'! <3

    SvarSlett
  3. Lykke til! Du er kjempe flink å skrive, så det går nok bra ^^

    SvarSlett
  4. keep on trying and you'll get there! :DD

    SvarSlett
  5. Angela: Det er litt intern kode, heh... Kan opplyse deg på Fb, om du er vil? :P

    Panda: Tusen takk! Håpar det gjekk betre denne gongen...

    Aida: Takk for det. <3

    SvarSlett
  6. (Panda: Uhm, feil, eg tenkte på stilskrivinga eg hadde på skulen i går, mediateksten er framleis ikkje ferdig. Men takk, ja. :P)

    SvarSlett
  7. Syns framleis du skal gjere det om til eit dikt. Og det syns Våga óg.

    SvarSlett
  8. I guess so... Bør framleis skrive litt meir på det, though.

    SvarSlett
  9. Merka eg sleit forrige fredag når eg måtte skriva stil. Fekk presst ei sia inn på pcen. Velge å skylda på at d va pga dei dårlige oppgavene :)

    SvarSlett
  10. Hehe. :P Syntest ikkje oppgåvene var så verst, eg. Kva for ei velte du? Eg skreiv 4en, om kommunikasjon.

    SvarSlett