onsdag 22. april 2009

Det går fint

I går brukte mamma og eg ein time på ein strekning som vanlegvis tar rundt tjue minutt.

Etter å ha byta måndagens H&M-kjøp inn mot det eg eigentleg ville ha: ein mørkeblå vårtrenchcoat, skulle mamma og eg handle litt mat og svinga difor innom Maxi, og det var etterpå at me hamna i trafikkaoset. Fordi på Skre vart det gjort vegarbeid, og mamma som ville finne ut kvifor me omtrent ikkje rørte på oss, ba Paul Hansen halde kjeft og switcha over på Radio 102, ein heilt forferdeleg kanal. Folk hadde ringt inn og klaga, det var hysteri og aggresjon, og korleis kunne dei halde på med slikt arbeid på den tida av døgeret, skjønte dei ikkje at folk var svoltne og ville heim etter ein lang dag, ikkje sitje i kø?

Sjølvsagt forstår eg frustrasjonen dei følte, men eg tenkjer i blant at det finst menneske som vert så opprørt og bruker dyrebar energi på ting dei ikkje kan endre. Eg var òg svolten, eg hadde ikkje ete på seks timar, men det var eigentleg ganske fint å sitje i køen. Som om nokon prøvde å seie til oss: "Ro dykk ned, slapp av, sjå kor vakkert det er der ute, alt det som de køyrer forbi utan å leggje merke til det: blomane i vegkanten, og skyene som er forma som store kaninar og stjerneskot."

19 kommentarer:

  1. Korleis ser den ut?

    Det er litt irriterande når ein er i kø, men nokon gonger er det koseleg. Det er eigentleg rart at avhengig av å komme fortast heim osv.

    SvarSlett
  2. Uhm, vel, eg kan ta bilete seinare, men det er mørkeblå, store knappar og "skjørtet" på trenchcoaten går litt ut, som eg likar veldig godt. Eh, ja, dette vart ei svært dårleg skildring, I'm sorry...

    SvarSlett
  3. Jeg synes også det ofte blir bortkastet å bli opprørt av ting man åpenbart ikke kan gjøre noe med. Særlig å bli irritert i etterkant av en hendelse. Men, men, sånn er menneskelig adferd.

    Vil se trenchen! Legg ut bilde på bloggen er Facebook, plis.

    SvarSlett
  4. Ja, I guess so...

    Mmm, ja, eg skal, eg må berre... nei, okay, eg skal gjere det no. :)

    SvarSlett
  5. Oi, den så nesten svart ut! Men den er veldig fin :D

    SvarSlett
  6. folk bruker seriøst altfor masse energi på å klage. jeg blir nesten lei meg noen ganger av at enkelte ikke engang prøver å være i godt humør. det er uansett slemt å prøve å smitte den negative energien over på andre.

    SvarSlett
  7. Gratla! Den va fin, men an såg meir svart ut på bildet. :P

    Hmm, du seie nåke der, men eg forstår dei som har vore på jobb heile dagen og må him te skrikete ongar for å laga mat, eventuelt hjelpa dei med lekser, besøka foreldre på gamleheimen. E jo kje nåke kjekt å måtte venta så lenge må nåke som e dårlig planlagt.

    SvarSlett
  8. Val: Heh, ja, ikkje det ideelle lyset å ta bilete i her på rommet... Ja, even Sveinbjørn thought so! :D

    Nøve: Indeed they do!

    Hilður: Ja, det er lyset... Og så vart det så skrekkeleg lyst om eg hadde blitz på nærbiletet, så då vart det berre slik...

    Nei, det er klart, poenget er berre at det hjelper ikkje å verte sint når det ikkje er noko dei kan gjere med det. Hadde vore så flott om dei berre kunne ha tatt eit djupt andedrag og sagt til seg sjølv at okay, slik er situasjonen no, så då må eg berre godta det. Det vert jo ikkje noko betre av at dei hissar seg opp.

    SvarSlett
  9. Awh! Sveinbjørn is da k00lest yo <3

    SvarSlett
  10. Enige med deg. Noen gonger stresse folk ALT for masse for "ingenting", og det inkludere meg..:P

    SvarSlett
  11. Jao, den e grei. E kje vits i å legga seg på tutaren. :D

    SvarSlett
  12. Val: T0tally!

    Angela: Jaaa. Awh, haha. :P

    Hilður: Hehe, nei. :)

    Lene: I love it. :)

    SvarSlett
  13. Jeg har også en trenchcoat, men det er bare en knapperad på den.

    Og ja, totally agreed. Det er innimellom kos å se blomstene i vegkanten og tyde skyene på himmelen som former seg til en eller annen form.

    SvarSlett
  14. Awh, ja, det er det på den svarte eg har om hausten/vinteren. :)

    Veldig kos. :)

    SvarSlett