søndag 5. april 2009

And In The End...

Etter femten sesongar og 331 episodar, som vert rundt 14940 minutt (om ein tenkjer at kvar episode er på 45 minutt, og den siste var dobbel) er ER/Akutten ferdig. For alltid. Mitt ultimate yndlingsshow, my love, my passion. Eg sit i skrivande stund og ser på ER - Special Retrospective med gamle og nye klipp, og intervju med produsentar og skodespelarar. Eg høyrer Laura Innes banne, korleis folk var redde for å øydeleggje ein scene og eg kjenner kjærleiken straume, særleg når Alex Kingston er der, mi kjære Alex som eg saknar så utruleg mykje.

Den siste episoden var dobbel og heitte And In The End. Han var veldig vakker, han hadde gjensyn av gamle ansikt og slutta med at det faktisk ikkje var slutt, dei kom til å jobbe vidare.

Du veit når du prøver å skildre noko til andre, men ikkje klarer det? Noko fantastisk, korleis kjærasten får deg til å føle deg som den viktigaste personen i verda, korleis det følest å få eit barn... Slik føler eg det med ER. Det er mitt barn, det er babyen eg har fulgt i femten år. Det er drama, kjærleik, liv og død. Det er løgn og sanning, og mest av alt røyndom.

Eg gler meg til å ha alle femten sesongane på DVD, eg manglar dei fire siste.

Eg er skjelven, glad, trist og full av minner.


Dette skreiv tv.com om episoden

24 kommentarer:

  1. Ånei, jeg visste ikke at det tok slutt!

    SvarSlett
  2. Det er så ufattelig mye jeg enda ikke har sett, så det har på en måte ikke tatt slutt for meg. Men jeg elsket den spesialepisoden og den siste episoden, som var litt genial siden den begynte og sluttet akkurat slik som pilotepisoden. Og selv om det er "din" serie, så er jeg definitivt på andreplass over personer som elsker den. <3

    SvarSlett
  3. Mmm, ja, eg har sett alle episodane titals gonger, men det følest ikkje slutt for meg heller. :P

    SvarSlett
  4. Aff.:/ Eg trur ikkje eg har sett ein einaste episode :o

    SvarSlett
  5. Eg trur kanskje du hadde likt det. :)

    SvarSlett
  6. Kjenne igjen følelsen av at ein serie e slutt. Har aldri sett på noge i FEMTEN sesongar, men opp te sju jaffal.. Vett ikkje kossen eg ska reagera då.. :P

    SvarSlett
  7. Eg trur kanskje eg er litt in denial.

    SvarSlett
  8. Det er så trist når en serie man følger godt med tar slutt! Slik er det med meg og Gilmore Girls også. Jeg har sett alle sesongene mange, mange ganger, men sitter fortsatt igjen med den kjipe følelsen når jeg har sett den siste episoden.

    SvarSlett
  9. Awh, ja, eg elskar Gilmore Girls òg. Det er fint å kunne sjå episodane om og om (og om og om og om...) igjen, særleg å sjå Lorelai og Luke få kvarandre til slutt. :)

    SvarSlett
  10. Har aldri sett på det før, men det hørtes veldig bra ut så tror jeg skal begynne ^^

    SvarSlett
  11. Nettopp! Forresten, tror du retrospective følger med på sesong 15-dvden?

    SvarSlett
  12. Don't know, eg håpar det. Makes sense om dei har han med, i alle fall.

    SvarSlett
  13. <3

    (jeg har ikke sett de to siste sesongene, jeg.)

    SvarSlett
  14. Omg, det er så mykje du har gått glipp av!

    SvarSlett
  15. Aw. Så trist. Men samtidig så bra, så mye glede du har følt av serien. Den er jo, som du sier, babyen din.

    SvarSlett
  16. Ikkje at eg såg på serien, så er det trist sidan den er ein serie som har fått gått lenge. Det må jo vera noko med den sidan den fekk gå så lenge.
    Heldigvis har du mange mange sesongar å sjå.

    SvarSlett
  17. Han ene fra ER var på talkshowet til Ellen, og jeg syns det var utrolig gøy å se på, og jeg tenkte masse på deg. <3

    SvarSlett
  18. Noah Wyle? Eller John Stamos?
    Awh. <3!
    Eg har sett intervjua på YouTube. Men gjett kva eg fann ut i dag: TV2 Zebra og TCM funkar likevel, så eg kunne ha sett mykje gøy i ferien, men sidan eg ikkje fekk fiksa/oppdaga det før i dag, så...

    SvarSlett