torsdag 2. juli 2009

Caos calmo

Floyd syntest det høyrdest litt trist ut å gå på kino åleine, men nokre gonger er det noko av det beste i verda. Det eg ikkje visste var at eg verkeleg kom til å vere åleine. Guten som tok i mot billetten min oppdaga fort at nei, eg skulle ikkje inn på Edda 2 og sjå 17 Again, eg skulle på Edda 4 og sjå Caos calmo (Stille kaos), noko han tydelegvis ikkje var førebudd på, fordi der var lyset av...

Med bare føter på nabosetet og ei korg med jordbær i fanget, sat eg og såg ein av dei finaste filmane eg har sett. Ein detaljfilm. Ein italiensk, vakker, sår, trist, søt, nydeleg, fantastisk, strålande, sexy, herleg film, som hadde Rufus Wainwright sin Cigarettes and Chocolate Milk som del av soundtracket, noko som eigentleg er nok til å elske han. Om berre kvart kinobesøk kunne ha vore som dette. (Gjerne med ein ven eller to, det plar vere "alle andre" som øydelegg.)

6 kommentarer:

  1. aw. jeg hadde aldri turd å gå alene, men det virker koselig likevel.

    veldig ofte når jeg går på kino så er det bare meg og vennene mine, og en mann som går alene. ikke den samme mannen hver gang selvfølgelig, men. virker som det er vanligere blant menn å gå alene på kino.

    SvarSlett
  2. Eg har gjort det... éin gong før, trur eg.

    Awh, ja, det har hendt nokre gonger òg. Og ja, det kan vere, men eg likar det om eg er i rett humør, og det er rett film.

    SvarSlett
  3. Aww. Det verka utroleg koseleg faktisk.

    SvarSlett
  4. det hørtes koselig ut <3 men jeg trodde du ikke tålte jordbær?

    SvarSlett
  5. Jo, eg toler visst alle bær, så yay! Men eg reagerer på til dømes jordbær om det er brukt mykje sprøytemiddel.

    SvarSlett