torsdag 3. september 2009

Å elske

Det er skummelt å gå på universitet.

Det er skummelt å gå på førelesingar, fordi sjølv om ein forstår det som vert sagt, er det likevel så mykje større enn ein sjølv. Det er ikkje å sitje med læraren ved sida av seg og prate om livet, eller ha blikkontakt medan han skriv på tavla om den franske revolusjon eller det moderne prosjekt. Det er gjerne i eit stort auditorium med fleire hundre studentar som går på ulike linjer, og seminargruppene skal hjelpe, men kva rolle speler ein eigentleg? Kven er ein i dette store fellesskapet der ein stort sett føler seg einsam?

Det er skummelt å skulle skrive 1500 ord om FN og tortur, sett i lys frå to ulike moralfilosofiar, og det er skummelt å allereie i neste veke ha skuleerfaring der ein skal stå litt i bakgrunnen og observere niandeklassingar i frå åtte til tre kvar dag.

-

Men eigentleg har eg det fint, eg er berre oppe litt for lenge fordi i morgon (som er i dag) byrjar mi siste langhelg før vekene vert rimeleg fullstappa av førelesingar, seminargrupper og reflekterande tekstar som skal inn, der ein må sjå seg sjølv i eit metaperspektiv og Imsen er visst nok ein pedagogikkgud.

... Kanskje eg berre skal leggje meg.

24 kommentarer:

  1. Du må huske på at det er et nytt kapittel i livet ditt, som kan bli et veldig fint kapittel, bare du får tid på deg. Tror jeg. Håper jeg, iallefall. Håper ikke det blir slik at du kommer til å grue deg hver dag for å gå på skolen. For det er for jævlig. (I know you do. I'm sorry.)

    SvarSlett
  2. Sånn har me det heldigvis ikkje da, me e små klassar på ca. 20 stk og har "vanlig", kreativ undervisning der læraren komme og hjelpe heila tiå.. :)

    SvarSlett
  3. Ane: Takk for det. :) Nei, eg gruar meg ikkje, det er berre så... upersonleg, I guess, noko eg ikkje er så glad i.

    Angela: Awh, herleg. :)

    SvarSlett
  4. Enig i at det e skummelt :S Håpa du blir frisk nok te å nyta helgo!

    SvarSlett
  5. Håpar eg òg. (Nyte ei helg med oppgåveskriving og lesing, lZm. :P)
    Kos deg i Sveio. :)

    SvarSlett
  6. Jeg viste ikke at du hadde blogg Birte.

    Lenge siden vi har snakka, hvordan går det? Hva studerer du?

    SvarSlett
  7. Joda, har hatt han i tre år no, om eg tenkjer etter, men har ein tendens til å slette innlegg og slikt til tider.

    Det går fint, I guess, eg går på Integrert lektorutdanning i nordisk ved Universitetet i Bergen. :) Korleis har du det?

    SvarSlett
  8. Men det er kanskje noe som må til for å bli det du vil bli? Etterhvert kan du kanskje tilogmed bli komfortabel med situasjonen? Det håper iallefall jeg. :)

    SvarSlett
  9. Dette kommer til å gå så bra! Mange spennende opplevelser, og hvis du noen gang føler deg ensom kan du sette på en morsom film. Det får hvertfall meg til å tenke på andre ting :)

    SvarSlett
  10. Eg er veldig flink til å putte på filmar. :)

    SvarSlett
  11. det var det jeg tenkte meg ;-)

    SvarSlett
  12. Å gå på forelesing er småskummelt, men òg litt småkos, men eg er glad eg slutta på Universitet fordi det var ikkje min greie. Men du finner nok ut av det skal du sjå.

    SvarSlett
  13. Eg håpar det. :) Har tekst eg må levere inn i dag... *eek*

    SvarSlett
  14. Blir litt gla for at eg ikkje går på skole akkurat nå :P

    Men ska nok begynna på noe glupt neste år da, forhåpentligvis i Bergen :)

    SvarSlett
  15. Hehe. :P Det går fint, det er berre litt overveldande til tider.

    SvarSlett
  16. Kjente meg igjen der, ja. Bare at jeg ikke klarer å beskrive det like godt som deg. Du skriver veldig bra!

    SvarSlett
  17. Takk! Får håpe me finn ut av ting. :)

    SvarSlett