Det er klumpen i magen og tåka i hjernen. Tårene som ikkje kjem og dagane som passerer utan at det eigentleg går opp for meg. Det er den same gamle julestjerna i det same gamle vindauget, adventsstaken i det eine av dei tre kjøkenvindauga og eit juletre som framleis får stå på den tradisjonelle staden i stova, men ingen lyspærer over hovudet som seier at muren er nede. Mobilen seier 2010, og eg tenkjer det må vere noko galt med han, at eg har mista han i golvet og at han har gått til byrjinga av eit nytt år som ein automatisk innstilling, men alle insisterer på at me har hatt nyttårsfeiring, og eg har snurra rundt med stjerneskot og gitt klemmar og kyss; likevel veit eg ikkje kvar hovudet mitt er.
-
Eg kjente ei kvinne med lange negler. Ho song når ho laga mat, og mannen hennar kyssa henne i nakken. Kvilande på fanget strauk ho neglene over deg; over ryggen, armane... Ho masserte hovudbotnen din og kitla deg så vidt i sida, for å ertande vite om du var vaken. Ho lukta av blomar; bortgøymte sommarminne med symjeturar under himmelen. Og midt i alt dette, dette hypnotiske duftuniverset, låg du trygt i famna hennar medan ho dyssa deg inn i ein ny vår.
mandag 4. januar 2010
Ein ny vår
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Pretty.
SvarSlettJeg tenkte som så at desto nærmere 2010 nærmet seg, skulle jeg føle noe, et bankende hjerte, en lystig hjerne, trampende føtter. Ikke enda..
Love you baby <3
SvarSlettAne: Takk. :)
SvarSlettJa, I know, same her, spesielt etter så lenge utan å kunne vere akkurat her og no. Får håpe det skjer snart.
Valerie: I love you too, my darling butterscotchbunnywithchocolatefilling. <3
Ja, vi får håpe det.
SvarSlettHar jo egentlig alltid vært klar over det, men du er så UTROLIG flink til å skrive, Birte! Fine og fascinerende tanker og refleksjoner du har om livet.
SvarSlettHåper år 2010 blir et fint år. Lykke til i Bergen!
Klem :-)
Takk for det, kjære deg. Håpar 2010 vert eit fint år for deg òg. :)
SvarSlett- Klem
Know what you mean.
SvarSlettHåpa detta blir eit bra år for deg. :)
Takk likeså. :)
SvarSlett