mandag 28. juni 2010

London - Part I

Tysdag 22.06.10
Dagen eg måtte ha bevis på at eg var meg, og dagen eg fekk foreldra mine til å ete vegansk & økologisk japansk mat

Det er vanskeleg å skildre kjærleiken eg har for England og London. Eg er 100 % anglofil og har vore det så lenge eg kan hugse. Då eg sat på toget frå Stansted inn til Liverpool Street Station vart eg fylt av ei nærmast zen-like ro, og kommentarane frå mamma som sat ved sida av meg flaut rundt i togvogna som byane og naturen som fauk forbi utanfor vindauga. Mamma sa eg såg nærmast andektig ut, der eg kjente meg heime for fyrste gong sidan eg forlét Vardafjell i juni i fjor.




Etter å ha funne fram til og innkvartert oss på hotellet i distriktet Camden Town (men med King's Cross St. Pancras som nærmaste undergrunnsstopp) skulle me = foreldra mine og eg verte betre kjent med området og finne ein stad å ete. Etter litt vandring enda me opp på ein vegansk, økologisk japansk restaurant der eg naut synet av foreldra mine ete (og like) vegansk mat, samt vart imponert over at trass i at det både var vegansk og økologisk, vart eg likevel dårleg. Mamma skålte (på mi oppfordring) for Meryl Streep som var 61 år den dagen, og etter ein lang reisedag var me eigentleg ganske nøgd då me kunne leggje oss til å sove.

Onsdag 23.06.10
Dagen eg fekk panikkanfall i dusjen, samt besøkte verdas (i alle fall Londons) finaste butikk

Onsdagen skulle i teorien gå til avslapping, men kven kan slappe av og basically ikkje finne på noko når dei er i London?! Etter litt om og men hamna me på Piccadilly Circus og var innom eit godt utval butikkar, men sjølv om det var utruleg mykje fint hadde eg ikkje anna med meg tilbake til hotellrommet enn ei lang blazer-/dressjakke i kvitt lin og ei nydeleg Penguinutgåve av Great Expectations av Charles Dickens. Sistnemnte vart kjøpt på den mest vakre og magiske butikken eg har vore i, og eg angrar veldig på at eg ikkje spurte om det var greitt å ta bilete der inne. Butikken gjekk over tre etasjar og over den eine langveggen, bak trappene og platåa, var det eit mønster laga av levande planter som fekk næring frå regnvatn. Det lukta heilt fantastisk då ein gjekk nær planteveggen, og det forsterka inntrykket av butikken som rein, slightly eksentrisk, naturleg og gorgeous. Pappa og eg høyrte òg at det var grashopper som budde i planteveggen, noko eg fann utruleg koseleg. Hadde eg vore rik, skulle eg ha kjøpt omtrent alt dei hadde der, blant anna eit himmelsk utval over out of this world-fabulous kjolar! Butikken heiter Anthropologie og adressa er 158 Regent Street.

Om kvelden var me på Queen's Theatre og såg Les Misérables som me kjøpte spontanbillettar til tidlegare på dagen. Eg hadde fullstendig dilla på Master of the House resten av kvelden/turen, og talet 24601 har fått ei sterk meining. I rolla som Marius var Nick Jonas frå The Jonas Brothers, noko eg ikkje ein gong var klar over, men som ei brasiliansk jente ved sida av pappa samt to californiske jenter bak oss var frykteleg opptatt av. Før stykket byrja, og i pausen, og etter pausen, og stort sett i kvart einaste ledige augeblikk då det ikkje skjedde noko på scenen, sat dei og diskuterte kor mykje dei "like, totally LOVE" Justin Bieber, Miley Cyrus, Zac Efron, Robert Pattinson og heile den teen-/tweengjengen, og pappa uttrykte etterpå at han syntest det var litt patetisk kor dels desperate og oppslukte dei var. Eg turte ikkje seie at eg "would probably, like, die" på fredag, ved synet av David Suchet.


Og så bør eg sannsynlegvis forklare panikkanfallet: Vel, eg hadde enkeltrom på hotellet med eige bad og på det badet var det ein dusj, og de som kjenner meg veit eg plar dusje kvar dag. Då eg var ferdig med å dusje fyrste morgonen skulle eg opne dusjdøra, og eg er vant til at dusjdører skal skyvast til sida, men då eg prøvde dette var det heilt umogleg å få ho opp, det same gjaldt då eg forsøkte lage ei luftlomme fordi eg trudde det kanskje var noko vakuumliknande going on (som really var absurd, sidan kabinettet ikkje gjekk heilt opp til taket). Løysinga på problemet, som eg seinare skulle oppdage, var sjølvsagt latterleg enkel, men når ein står naken i ein dusj og ikkje kjem seg ut, og veit at hotellromsdøra er sikra både med kjetting og lås, utviklar ein gjerne (som meg) eit panikkanfall som då hindrar ein i å sjå den latterleg enkle løysinga og dermed nesten øydelegg neglene sine og det som verre er for å kome seg ut, medan pustinga nærmar seg hyperventilasjon. Men: eg kom meg altså ut til slutt.


Torsdag 24.06.10
Dagen ingenting smakte godt utanom toasten med raspberry jam (og dei friske bringebæra, men dei var behandla med sprøytemiddel slik at eg klødde i hals og munn). Det var òg dagen me gjekk rundt i 800-1000 år gamle bygningar og eg vart overlukkeleg over alle vindeltrappene

Eg har alltid hatt lyst til å besøke Tower of London, og dette var dagen eg fekk sjansen! Ein kan ikkje unngå å verte påverka av å gå i tusen år gamle trapper og røre ved veggar og stå på gulv der kongelege og skurkar (som i blant var dei same) igjennom århundre har budd, oppheldt seg og døydd. Det eg fann mest fascinerande var å sjå ut vindauga og prøve førestille meg kor annleis utsikt dei må ha hatt, og korleis det var på den tida. I tillegg var bygningane fulle av vindeltrapper, som gjorde meg umåteleg glad og energisk.









Dei hadde òg ei kjempespanande utstilling med tittelen Fit for a King med rustningar og utstyr/våpen dei tidlegare kongelege og deira soldatar brukte, samt modellar av dei kongelege hestane, for kva er vel ein konge utan hest? Ein kunne lære utruleg mykje og dei hadde blant anna eit rom med interaktive øvingar og "spel" der ein kunne teste kor flink ein var til å til dømes skyte med pil og boge.

Me avslutta dagen med eit pubbesøk der dei fleste gjestene hadde auga på fjernsynsskjermane sidan det var fotballkampar going on, dei var however ganske rolege sidan England ikkje spelte.







16 kommentarer:

  1. Ååh, det sluttet altfor tidlig! More, more, more!

    SvarSlett
  2. Jeg savner London! Er kjempemisunnelig på deg for Les Mis, ooog jeg skal på Anthropologie i New York. :D

    SvarSlett
  3. London er fantastisk! Det er for lenge siden sist jeg var der... har nesten glemt hvor flott jeg har hatt det der. :]

    SvarSlett
  4. Val: More will come! :)

    Nøve: Eg saknar det sjølv, og eg har nettopp vore der! Har kome fram til at eg sannsynlegvis må bu i England (i alle fall for ei stund) før eg er pensjonert og bur på Isle of Wight. Har veldig lyst til å bu i Camden Town. Oooh, yay! :D

    Eli: It really is! :D Awh, ja, det er ein amazing stad.

    SvarSlett
  5. Eg håpar at eg får til å kommentera nå (irriterande fordi eg hadde skrevet ein del)

    Det virke som ein superkoseleg tur :D
    Me må reisa der ein gong :)

    Det med dusjen har ikkje berre skjedd med deg. Been there done that,og det er lite kjekt.

    SvarSlett
  6. Awh, slemt nett. =/

    Ja, det må me! Del to kjem seinare i dag, trur eg. :)

    Uff, ja.

    SvarSlett
  7. Brå slutt, men kjekt å lesa!

    Hørres spennande ut både Tower of London og den derre plantetingbutikken! Eg òg vil. :D

    SvarSlett
  8. Det kjem jo meir! :)

    Du bør! :D

    SvarSlett
  9. Eg forstod det, men va liksom så godt inni då. :P

    ^^

    SvarSlett
  10. Hehe, ja. :P Har lagt til eit avsnitt no, då. xD

    SvarSlett
  11. aw, fun times :D liker london <3

    og åh, etter å ha kommet hjem fra australia merker jeg at jeg skikkelig savner å snakke engelsk med engelske folk på daglig basis :( gleder meg faktisk til opplæringen jeg skal ha på fredag, for fyren er amerikansk og jeg må snakke på engelsk med ham. THAT'S A FIRST.

    SvarSlett
  12. hørtes kjempe kjekt ut :):)

    SvarSlett
  13. Nå funka innlegget endelig :D glede meg t å lesa mer om turen din :)

    SvarSlett
  14. Lisa: Awh, ja! Det saknar eg òg! Generelt å høyre engelsk verte snakka rundt meg heile tida (for så vidt mange andre språk òg, men likevel). Oooh, fun! :D

    Marthe: Det var det! :D Håpar du får det kjekt òg. :)

    Siri: Yay! :D

    SvarSlett
  15. høres ut som en fantastisk tur. :)

    SvarSlett
  16. It was! Skal prøve skrive del to (og tre) i kveld, eller i morgon.

    SvarSlett