mandag 5. juli 2010

Kvelden eg møtte nesten-ektemannen min

Arthur Miller skulle til å byrje på sitt neste skodespel hadde han fleire fiaskoar bak seg, stykke som vart kansellert etter få dagar, og han sa til seg sjølv at om det neste vart ein ny fiasko, skulle han gi opp forfattardraumen og verte ein vanleg arbeidar. Han bestemte seg for å unngå alt han såg på som "typisk teater", og var blant anna inspirert av Ibsen og "det nye dramaet", og etter å ha jobba med skodespelet i to og eit halvt år, var han ferdig med verket known as All My Sons.

Etter over seksti år vert stykket framleis sett opp, ikkje berre i USA, men òg i London, til dømes, der det for tida går føre seg på scenen på det over hundre år gamle Apollo Theatre i Shaftesbury Avenue, eit steinkast frå Piccadilly Circus. Den mannlege hovudrolla, Joe Keller, vert spelt av David Suchet, og som kona hans, Kate Keller, finn ein Zoë Wanamaker. Teateret har laga ein slags trailer ein kan sjå HER.



Eg skal ikkje bruke tid på å presentere stykket så veldig, om du finn det interessant kan du leite opp informasjon sjølv, men med handa på hjartet kan eg seie at det er den mest vedunderlege teateropplevinga eg nokosinne har hatt. Stykket har eit utruleg intenst kjenslenivå, og mykje av spelet føregår på innsida av dei ulike menneska, men me føler det i lufta. Det er morosamt, sårt, trist og vakkert. Det er små spøkar og høglydte kranglar, livsendrande konfrontasjonar og stille desperasjon. Det er absolutt alt ein (som meg) kan ynskje, og endå meir, og ein var der og levde med dei ulike karakterane i nesten to og ein halv time, kjente alt dei gjekk gjennom inst inne i hjartet og i alle musklane og nervene fordi det var så ekte.

Etter å ha mista pusten og gitt ståande applaus, og med eit lite glas kvitvin i systemet, gjekk eg ut frå salen i lag med foreldra mine og vel ute på fortauet runda eg eit hjørne og såg ei dør med påfylgjande skilt: Apollo Theatre Stage Door


Utanfor døra stod ein liten bamse av ein mann, samt kanskje rundt ti-tolv andre håpefulle som òg hadde vore og sett stykket. Pappa spurte vakten om det var mogleg å møte hovudrolleinnehavarane og vakten svarte at det skulle gå fint, men at det kom til å ta tid. Så der var eg, lent inntil ein lyktestolpe i Marc Jacobs-kjolen min med mine høghæla Bianco-sko og mi svarte Accessorize-veske med sløyfe på og ja, det var framleis varmt ute, men eg byrja skjelve. Eg vart iskald, fordi slik reagerer kroppen min på nerver i høgspenn, og i over tjue plussgrader stod eg og hakka tenner.

Nokon tenkjer kanskje at eg seier Hercule Poirot er ektemannen min på tull, men eg har aldri elska nokon så høgt som eg elskar han, ikkje ein gong "Mozart", fordi Poirot har aldri gjort meg noko vondt og han får meg alltid til å smile, berre ved å vere der. Han gir meg sommarfuglar i heile kroppen og får adrenalinet til å strøyme. Så vidt eg kan hugse var det etter å ha sett David som Poirot på NRK ein påske at eg byrja lese historiene om han, og eg har lese nesten alt som er. Eg føler ein connection med både Agatha Christie og hennar skaparverk som eg ikkje klarer skildre utan å høyrest slightly gal ut (som eg sikkert gjer allereie), men slik er det altså. Og der stod eg utanfor eit teater og skulle møte han som har spelt Poirot i (så langt) 65 filmar, eg skulle møte nesten-ektemannen min, og for ei stund hadde eg berre éi einaste tankefluge som svirra rundt i hovudet mitt og sa: "Don't faint. Whatever you do, don't faint."

Etter kanskje ein halvtime fekk me kome inn gruppevis etter kven me var i lag med, og plutseleg var eg inne på eit lite rom med Zoë Wanamaker rett ved sida av meg. Eg skjøner ikkje heilt folk som seier dei ikkje bryr seg om skodespelarar og andre kjente. Ja, for all del, dei er menneske dei òg, men det er noko eksepsjonelt med å møte nokon ein tidlegare berre har sett i filmar og fjernsynsseriar, som om ein ikkje før det heilt har forstått at dei eksisterer. Eg vart fullstendig paff og klarte nesten ikkje svare då ho spurte meg om namnet mitt. På førehand hadde eg bestemt meg for å seie at eg heiter Valkyrje, sidan det faktisk finst ei engelsk utgåve av det og engelskmenn har ein tendens til å ha litt vanskeleg med å uttale Birte, men eg brukte så lang tid på å svare at Zoë lurte på om eg ikkje visste kva eg heitte. Eg forklarte at Valkyrje er mitt andre fornamn som eg fekk no i januar, og då ho til slutt signerte programmet mitt (Zoë: "Where do you want me to sign?" Meg, in total awe: "Wherever you want.") skreiv ho "For Birte". Det gjekk utruleg fort, men eg fekk sagt kor amazing og fantastisk eg synest ho er, og ho sa eg var sweet og smilte og var så søt og nydeleg at eg ville gi henne ein stor klem - men det turte eg ikkje. Ho var morosam og koseleg og akkurat slik ein ser for seg at ho er, basically the cutest thing ever, og manageren tok bilete av henne i lag med foreldra mine og eg før me måtte gå, og eg fekk lagt til at stykket var briljant.


Før eg/me eigentleg fekk prosessert kva som nettopp hadde skjedd, var me ute på gata igjen og gjennom eit lite vindauge kunne eg sjå at David var på plass. Han var rett der! Tankefluga heldt fram med å surre og svirre, og eg var så nær ved å falle i bakken at eg kan ikkje skildre det godt nok ein gong.

Ti minutt etter me hadde vore inne og helst på Zoë var det tid for å møte David. Rett før me gjekk inn døra lente pappa seg inntil meg og spurte om eg hadde planlagt alt eg skulle seie, og ei ekstra tankefluge dukka opp for å seie at han verkeleg kjenner dottera si godt. Eg klarte smile, nikke og svare: "Nesten."

-

David var alt. Han var the perfect gentleman i ein nydeleg lys dress som gjorde at han minna ekstra om Poirot, då han hadde hatt heilt andre klede i stykket (apart from då dei skulle ut om kvelden). Han smilte og tok meg i handa, og eg presenterte meg yet again som Valkyrje. Eg fekk sagt at eg var veldig nervøs, og då smilte han på ny og sa "Oh, don't be nervous.", og eg tenkte at det var då lett for han å seie. Vidare gjekk det noko ala dette:
Meg: "I absolutely adore you!"
David: "Well, thank you!"
Pappa: "We watch you in Norway on TV as Hercule Poirot." (Pappa la vekt på å uttale namnet hans heilt korrekt, slik som Poirot i David sin versjon sjølv seier det, og då David svarte, gjorde han det som Poirot.)
David: "Ah, précisément! Excellent pronunciation!"
På dette punktet byrja manageren å verte litt småstressa og ville nok at det skulle gå fortare, og me stod samla, eg med armen om David, medan managerdama tok bilete av oss.


Pappa: "My daughter's probably your biggest fan in Norway."
David: "Oh, how nice!"
Mamma til David/manageren: "Would it be possible to get a picture with just you [David] and Birte?"
Manageren verka ikkje spesielt happy, det var tydeleg at det var meininga det berre skulle vere eitt bilete per gruppe, men David var heilt med på det og sa eg måtte ha min arm i hans.
Etter biletet gjekk det opp for meg at dei kom til å nærmast tvinge oss ut om litt, og eg kunne ikkje gå utan å seie noko om Poirot, så eg ignorerte hinta frå manageren, snudde meg mot David og såg rett inn i det vakraste ansiktet nokosinne, såg rett på nesten-ektemannen min og stålsette meg.
Meg: "I just have to say - and I'll probably sound insane - but I tend to say Poirot's my husband 'cause to me he's perfection."
David: "Then I hope someday you'll find a man like him."

Eg fekk òg uttrykt korleis han for meg er inkarnasjonen av Poirot, and probably made a complete fool of myself, but I don't care. David lukta forresten heilt fantastisk og smilte heile tida, og eg skulle ynskje eg kunne ha levd i det augeblikket for alltid.

Då me for siste gong kom ut på gata byrja eg å gråte utan å merke det, og i det same kom Zoë ut og skulle dra heim, men før ho gjekk vidare kom ho bort til meg, tok meg i handa og sa "Don't cry, honey.", fordi that's the kind of person she is.


15 kommentarer:

  1. Omg, sounds fabulous! Really does. And you totally deserved it, honey. <3 (yay, sitter på min egen mac nå, så kan kommentere!)

    SvarSlett
  2. Awh, er så glad på dine vegne <3

    SvarSlett
  3. Elin Brit: Ja, det var det! :D

    Lene: Takk, fine! <3

    SvarSlett
  4. :D

    Teater er kjekt, berre dumt at eg har nesten ikkje vore på nokon.

    SvarSlett
  5. Som sagt, tror jeg, så var det så fortjent, og tenk at du som en av få har møtt ditt største "idol" eller hva man skal kalle det, helt, mannen din, han du elsker, somethingsomething. Du var innmari tøff som turde å si at han var nesten-ektemannen din- det er sikkert noe han tar med seg videre. Og som han sa: jeg håper også du finner en mann som Poirot. He's out there. Jeg håper du lever på dette lenge. Også i tunge stunder på regnfulle høstdager osv.

    Glad i deg! <3
    Nå er jeg uten nett igjen, nok en gang, men 2.august skjer underet at huset blir belagt med kabler til både nett og tv! Hurra.

    SvarSlett
  6. Tusen takk! <3 Ja, det var ubeskriveleg (trass i alle orda her), heilt out of this world.

    Glad i deg òg. <3 I'll see you when I see you. :)

    SvarSlett
  7. Åååå, jeg blir glad av det her! :D

    SvarSlett
  8. Eli: Awh, yay! :D

    Lisa: :D <3!

    SvarSlett
  9. Så fint du skriver. Og no vet eg kem Zoe e, har sett hun i "Hvilket liv!" på nrk :) Syns det e veldig interessant kordan du føler Poirot e ektemannen din, for han blir jo aldri gift, som du sa. Eg sier vi tar en dag med Poirot maraton, haha :D

    SvarSlett
  10. Takk (likeså)! :)
    Ja, det var det eg skulle til å seie då me prata saman, at du kanskje hadde sett henne i serien der, men så måtte du vidare. :)
    Awh, ja, det hadde vore vedunderleg!

    SvarSlett