tirsdag 28. desember 2010

Eg drøymte om deg i natt, for fyrste gong på over eitt år var mørkret dedikert til deg, og eg lurte på korleis det hadde vore å dele livet med deg. Faktisk dele det. Fifty-fifty. Der alle tårene var våre, og ikkje mine. Og der smila mine var ekte sjølv når du ikkje var der.

Eg dveler ved kjærleiken. Ser deg, men prøver ignorere, fordi eg må vidare.

Men du skjuler deg framleis i bølgjene og kafékrokane, og eg tar meg sjølv i å tenkje at dette skulle eg så inderleg gjerne ha delt med deg. Dette livet. Desse dagane. Desse draumane. Der du sit alvorleg i uniform og får ikkje sagt eit ord. Tar stumt i mot ordre, og eg vil halde rundt deg, men du sit fast der på lerretet, kjære Benjamin. Troppene har dratt og du er åleine i den mørke kinosalen, med barrikaderte dører.

Ingen har fortalt deg at krigen er over.

7 kommentarer:

  1. Å, orda dine er så vakre, du skildrar så godt. Kven er Benjamin? Berre lurer :)

    SvarSlett
  2. Takk for det, kjære. :)
    Benjamin er ein eg plutseleg såg for meg medan eg byrje skrive denne litle teksten, og det verka klinkande klart at slik måtte det ende, men eg har aldri kjent nokon som heiter det.

    SvarSlett
  3. For meg verka dette så ekte, at eg trudde det var ein verkeleg Benjamin:)

    SvarSlett
  4. I hovudet mitt er han svært ekte. :)
    Elles skal ein ikkje sjå bort i frå at Benjamin moglegvis fungerer som eit slags erstatningsnamn.

    SvarSlett
  5. Åå, så utrulig vakkert! Skal så absolutt lese meir av bloggen din framover.

    SvarSlett