søndag 23. januar 2011

Kjærleik er alt

Du gav meg eit slikt kyss som ein gir av gammal vane. Eit kyss då me møtte kvarandre i gangen, eit kyss om morgonen før du drog på jobb. Alltid eit kyss før kaffien. Kyssa dine heldt meg i live. Og eg kjenner håret ditt slik det var då eg leika med det, medan du låg med hovudet ditt i fanget mitt og var nær ved å sovne. Eg hugsar vinylplatene som snurra, den forsiktige skurrelyden frå lydanlegget som resonnerte mellom veggane. Eg hugsar huden din, den mjuke, varme huden, og kor lett det var å få deg til å le.

Innimellom var det kranglar og eg var ikkje bygd for det, heva stemmar fekk meg alltid til å gråte, men det hadde ikkje noko å seie så lenge du framleis var der. Så lenge du vart igjen. På kjøkenbordet stod ein tivoliradio, og me hadde wienervals til middag og argentinsk tango til kvelds. I blant ein rumba til nattmat, når månen var på sitt beste, og du var så vakker i lyset frå den litle gatelykta utanfor soveromsvindauget.

Me skreiv sitat med kalligrafipenn på dei lyse veggane, fine ord på språk me ikkje skjønte, men me elska orda likevel. Elska det ukjente fordi det var seg sjølv, fordi det førte oss nærmare dette eine som me var heilt sikre på, dette eine ingen kunne ta frå oss.

Kjærleik er alt.

5 kommentarer:

  1. Så fint. Og sant. Kjærleik er alt. <3

    SvarSlett
  2. Ja, så sant, så sant og uendeleg vakkert. Skal til Bergen på studier i midten av februar neste gong. Klem

    SvarSlett
  3. Takk, alle tre. :)

    Elin Brit: Hadde vore koseleg om me kunne fått til eit møte, ein kafétur or something. :) Klem

    SvarSlett
  4. Kjærleik er alt <3


    Lene

    SvarSlett