lørdag 2. juni 2012

Fotfeste

Ho sørgjer med stille sukk,
opnar auga når sola har gått ned.
Det finst ikkje lys lenger,
ingen stjerner om natta,
berre mørkret som omsluttar henne
før ho tar sats frå bakken og søker skyene.

Med lukka auge møter ho morgonen.

Morgonane har alltid gjort så vondt,
dei er så skarpe og støyande
og i blant er det ikkje nok med lukka auge,
ho må verkeleg knipe dei igjen,
knipe dei til ho ikkje klarer å tenkje på anna enn smerta som byrjar
i toppen av hovudet,
ut på nasetippen,
heilt til ytst på fingertuppane,
hakket lengre enn der neglene sluttar.

Ho vaknar medan ho hoppar paradis blant skyene,
veit ikkje kva dag det er,
eller om det er dag i det heile tatt.

Sommaren er forvirrande.

Langt der nede,
mellom sukkerspinnet,
skimtar ho bakken.

Før hadde ho mista fotfestet,
men no veit ho at ho dansar til sin eigen tone.

5 kommentarer:

  1. i suffer mornings most of all
    i feel so powerless and small
    by ten o'clock i'm back in bed
    fighting the jury in my head

    SvarSlett
  2. Du skriver så mye fint for tiden. <3

    SvarSlett
  3. Så himla vakkert!
    "Før hadde ho mista fotfestet,
    men no veit ho at ho dansar til sin eigen tone." hjarte.

    SvarSlett