torsdag 19. juli 2012

Eg lever

Eg lever på luft og kjærleik (og sjokolade).

På søndag drar bømlingen min og eg til Bremen, vår fyrste kjærasteferie utanlands, og eg skal late som eg kan tysk. Med andre ord: eg skal halde bømlingen min i handa og smile medan han snakkar. Eller så skal eg snakke engelsk. Eller kanskje eg skal prøve meg på nokre tyske ord, sjølv om eg ikkje har vorte undervist i det (og dermed ikkje snakka det) på over sju år. Me får sjå kva som skjer. 

Det eg veit heilt sikkert er at me kjem til å få det fint. Me skal gjere akkurat kva me vil og eg skal ta bilete og forelske meg på ny i ein by eg ikkje har besøkt sidan eg var rundt tre og eit halvt år gammal.

Håpar de har gode dagar der ute i verda. Kjærleik til dykk alle.

8 kommentarer:

  1. Så herligt! :) Viktigt å nyta det mens du kan. Gleda meg te å sjå deg og te å møta Ole på lørdag. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det vert fint. :)
      Dumt du ikkje får møtt Ole på laurdag likevel, men det kjem heldigvis fleire sjansar.

      Slett
  2. Ich liebe dich, kan du si! Det holder veldig langt og lenge. God tur! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, den har eg prøvd meg på allereie. Hugsar nokre fraser frå ungdomsskuletida, men det går mest i å bøye "zu sein" og bruke ymse adjektiv.
      Takk! :)

      Slett
  3. Kjærleik til deg også. Og store ønskjer om at den turen blir akkurat så fantastisk som det går an (planane høyrest så herlege ut).

    SvarSlett
  4. Gi penger til bymusikantene

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var ikkje så mange bymusikantar igjen å gi pengar til, diverre, men eg smilte til mange framande.

      Slett