onsdag 3. oktober 2012

Hauststille

Eg seier farvel til deg i draumane mine. Vaknar opp og lever lengst mogleg i det augeblikket mellom draum og røynd der me framleis finst, der du held fast i armen min og ber meg om å ikkje dra. Å aldri dra.

Så står eg opp når alle andre søv. Gøymer meg i kroken nær omnen på veggen og brenn meg på resirkulerte minne som surrar rundt i hovudet mitt. Går på kjøkenet og lagar kaffi, te, frukost, lunsj, middag, dessert, kveldsmat, nattmat, mellommåltid, matpakkar... gjer alt eg kan for å ikkje ta fram mobilen og skrive til deg.


Du er her no, ved sida av meg. Sit i vindaugskarmen med knea trekt godt opp under deg, har falda armane og kviler hovudet medan du ser på meg. Eg prøver å ikkje sjå bort på deg, men eg kan høyre deg puste og nynne på den songen me pla syngje i lag, dei seine nettene då ingen av oss fekk sove og me drakk kakao og dansa i lag i stova under lysekrona som me leika var laga av diamantar i staden for billig glas frå den nærmaste interiørbutikken.

Me trong ikkje snakke då, me kommuniserte gjennom sjølvkoreograferte rørsler og songar me dikta opp innimellom filmkveldar og latterkrampar. Og no, når regnet slår mot ruta og den kalde kroppen din sit og stirar på meg, så er eg full av ord, men har ingenting å seie.

6 kommentarer:

  1. <3
    Elskar desse inderleg vakre og såre tekstane dine.

    SvarSlett
  2. Det er få ting som gir meg gåsehud, men dikta dine (tekstane generelt) gir meg det. Dei er fulle av magi <3

    SvarSlett
  3. Åååååh... Så vakkert!

    SvarSlett