onsdag 7. november 2012

Ein haustdag

I dag har det regna i Bergen.

♥ Eg har site på kafé og skrive prosjektskildring, drukke koffeinfri latte med soyamjølk og vorte så overvelda av lydinntrykk at eg måtte gi opp å prøve å stengje dei ute med øyreproppar og musikk på dataen, og heller prøve å verte ein del av dei. Det fungerte i eit par timar.


♥ I natt drøymde eg om besteveninna mi, Oda, difor har eg tenkt på henne i heile dag. Ho er mamma no og me bur i kvar vår by, så eg ser henne sjeldan og me snakkar ikkje så mykje i lag som me gjorde før - det var andre tider då me gjekk i same klasse og såg kvarandre fem dagar i veka - men eg veit at me er i kvarandre sine hjarte og tankar og då går det bra.

♥ Eg har vore i regnet med hjarte og sjel (men med støvlar på), og så har eg gått bak eit par forretningsmenn med stresskoffertar, men mest av alt har eg prøvd å smile - både til meg sjølv og til verda utanfor - fordi verda vert ikkje betre med mindre alle som kan bidrar litt.

♥ På laurdag skal eg ha høgtlesing av eigne dikt i ein bokhandel i heimkommunen min, den same bokhandelen som eg delvis vaks opp i då eg var yngre. Det følest litt rart og litt skummelt, men mest fint, spesielt sidan bømlingen min skal vere i publikum og høyre på. Kanskje eg skal lure inn eit dikt eg har skrive om han.

♥ Dagane går, det nærmar seg bursdag, innleveringsfristar og eksamensoppgåver, og plutseleg er det juleferie. Eg håper tida ikkje går så fort at eg ikkje klarer å leve i dei gode augeblikka.

Det regnar ofte i Bergen.

10 kommentarer:

  1. tiden går altfor fort! Oppgaveinnlevering nærmer seg med stormskritt...iiik!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, semestera går alltid fort, og haustsemesteret er ekstra skummelt sidan det er kortare enn vårsemesteret.
      Lukke til med bacheloroppgåva! Ser ut som du koser deg med praksis.

      Slett
  2. Å, dette var koselig lesing. Og litt i tråd med hva jeg skrev i dagboka mi. Minus kjærestedelen, diktdelen, kafédelen og smiledelen... Minus alt egentlig, utenom det med at det regner. "det regner i dag." Så, litt i tråd... Dette her er Rania btw, jeg har eksamenssmerter i skuldrene. Takk for meg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, du er skjønn.
      God betring med skuldrene!

      Slett
  3. Oioi, så spennende med diktopplesning! Masse lykke til med det :)

    SvarSlett
    Svar
    1. For å vere ærleg har eg berre fem minutt på meg, men kjekt er det likevel. :) Tusen takk!

      Slett
  4. Eg blir òg prega av lydinntrykk og blir fortare sliten enn mange andre. Det er ikkje kjekt.

    Nå blei eg stolt av at du skal ha høglesning :D *hjartehjarte*
    Blir spennande å høyre korleis det går.

    <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, det kan vere ganske frustrerande. :/

      Awh, takk. Er som eg skreiv til Katrine berre fem minutt, er del av eit større arrangement, men gøy er det. :)

      <3

      Slett
  5. Det kommer til å gå så fint! Lykke til! <3

    Tenker på deg hele tiden.

    SvarSlett