onsdag 28. november 2012

Vinter

I dag er eg 23 år og åtte dagar, det nærmar seg desember og eg vart ferdig med julegåvehandelen i går (utanom nokre ting eg skal lage sjølv og leggje ved tre gåver).

Eg går ut i frå at eg har eit litt komplisert forhold til jul. Magien som fylgde med dagar som 17. mai, bursdagar og julafta er stort sett borte, så eg prøver heller å skape nye forhold til dagane, slik at dei vert mine eigne igjen. På same måte som eg liker å finne eigne stader og ting i byar mange andre òg har forhold til, som å dra til London for å finne igjen bygget dei filmar utsida av til Poirot-episodane i staden for å ta ein turistbuss og sjå Big Ben for nte gong (ikkje at det er noko galt med det heller), så finn eg nye måtar å gjere desse dagane fine på. Til dømes å dra på tivoli med ei god veninne på 17. mai og ta karusellar og ete sukkerspinn og gå i eit minitog på fortauet som berre består av henne og eg, og syngje songar den fyrste læraren min på barneskulen lærte meg.



Kanskje det er slikt som skjer når ein vert eldre, dei raude dagane på kalenderen handlar om så mykje meir no, ein tar på seg større ansvar og kan ikkje lenger berre gå rundt i ein blå fløyelskjole med sølvstrømpebukse og leike at ein er Sonja i Reisen til Julestjernen.

Likevel finst det framleis mykje vakkert der ute, kvardagskjærleik og kvardagsmagi, som å finne og lage julegåver ein veit at andre kjem til å elske. Eller å prøve ut ei ny oppskrift og lage vegansk julegodt til heile familien. Eller å gå på snø og høyre han lage nøyaktig dei same lydane som då ein var liten og var ute i fleire timar i strekk og gjekk opp og ned den same bakken fordi ein fekk aldri nok av å renne med akebrett.


Eg veit at mange har det vondt i jula, og ein kan lett få hovudverk når alle butikkane speler kvar sin musikk og kjøpesenteret i tillegg har sin eigen musikkagenda, så eg har laga ei alternativ juleliste - meir ei vinterliste, eigentleg - og om de vil kan de lytte til dei same songane de òg.
(P.S.: Eg skulle hatt med nokre songar frå Jag Kommer Hem Igen Till Jul av Peter Jöback òg, men eg hadde gløymt ut heile CDen då eg laga lista. "Viskar En Bön" er fin, til dømes.)

10 kommentarer:

  1. <3 <3

    Eg er glad i jula, men magien i frå då eg var liten er vekk. I dag kjøpte eg "Jul i Skomakergata" og pepperkakedeig frå IKEA som eg og IL skal bruke på laurdag.

    Ja til kvardagsmagi og kvardagskjærleik :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er vel eigentleg glad i jula eg òg. Det er kanskje noko med at før byrja jula med adventskalender og juleverkstad på skulen, men no byrjar ho i september/oktober i butikkane...

      Awh, koseleg! <3 Venene til Ole-Inge plar ha juleverkstad, så trur dei skal ha det i år òg og at me skal vere med begge to. :)

      Slett
  2. Jeg kjenner meg så igjen. Man må skape magien selv. Istedetfor å gå rundt på kjøpesentre og få migrene, kan man sitte hjemme og lage gaver. Jeg gjør det for tredje år på rad. Jeg liker følelsen man sitter igjen med når andre innser at man har tenkt på de på en sånn måte- istedetfor å kjøpe noe de kanskje bare setter i et skap til de gir det bort eller kaster det. Det er jo ganske risky, alt dette med julegaver, når folk har så forskjellige meninger og smak.

    Jeg ønsker deg en fin desembermåned, though <3 Det er jo litt magisk i seg selv.

    SvarSlett
    Svar
    1. Absolutt!
      Awh, ja, det er fint. Eg tenkjer alltid på den eg skal gi til, om nokon til dømes er ein bokelskar så skal det ikkje så mykje til for at personen vert nøgd, men ein vil jo helst gi noko som får personen til å verte skikkeleg glad. Og så er det så gøy å kjøpe gåver på nettet, fordi eg får pakkar i posten - som er superkjekt - og så får eg pakke inn og gi vidare til nokon andre som forhåpentlegvis òg synest gåva er kjekk å få.

      Tusen takk og likeså, my dear. <3 Eg håper på snøjul (men ikkje slik at mange hamnar i trafikkulukker og slikt), ei roleg jul med snø på trea og kjærastekyss.

      Slett
  3. Desember og jul er fint. Liksom på en ny måte hvert år. Jeg ønsker meg egentlig ingenting annet enn at Leonora og TM får en fin jul. Ting endrer seg virkelig når man får barn, hehe.

    Love you.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det tenkjer eg nok! Hugsar Elin Brit snakka om det ein gong, kanskje det var då eg gjekk på ungdomsskulen, at ein får den magien tilbake via ungane sine. Eg synest framleis at nyttårsafta har litt magi ved seg, though, den kvelden/natta er så mykje meir avslappa enn julafta og alt rundt det, og så kan ein ha stjerneskot og sjå på det fine fyrverkeriet som lagar fargesprakande kjærleik på himmelen.

      Love you too, darling.

      Slett
  4. Savner Valkyrjeriene dine... :) Håper du har en fin vinter, til tross for at den er kald, og at du får en fin jul, til tross for at den er litt komplisert <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Awh, så koseleg å høyre. <3 Det kjem fleire Valkyrjerier når siste eksamen er overstått på tysdag og eg har juleferie og ikkje treng å tenkje på pensum på ei stund. :)

      Slett
    2. Smil :)
      Masse lykke til på eksamen!! Vet hvor stressende det kan være.
      Lenge siden jeg gikk på skole, men husker det verste var at jeg fikk dårlig samvittighet av å lese, skrive eller å i det hele tatt tenke på noe annet enn det som hadde med pensum å gjøre. Ble på en måte forbudt kreativ av det :) Hodet boblet over.

      Slett
    3. Tusen takk, fine deg! <3
      Ja, det er veldig slitsamt og stressande. Og om ein tar seg tid til å gjere andre ting (og til og med føler at det er okay), så ligg det likevel ei pensumliste og ropar på ein og eg kjenner det er ein fridom der som manglar. Gler meg til å kunne lese mykje meir skjønnlitteratur igjen når dette er overstått.

      Slett