Det er ein gammal klisjé, men dagane flyr. Det nærmar seg bursdagar for gode vener, eg kjøper og lagar gåver og skriv på den same oppgåva som har forfylgd meg i fleire månadar, og det er ikkje ferie enno. Det vert sånn cirka ferie i fire dagar når bømlingen min og eg tar turen tilbake til Bremen for fine kjærastedagar før eg byrjar i sommarjobb som eg kan sykle til på tjue minutt, og eg har nesten ikkje fått med meg at me har fått nye fargar ute.
Men eg såg det i dag.
I det siste har eg sett på skyene igjen, slik som då eg var liten og låg på terassen og såg opp på himmelen og korleis han endra seg med vinden og tida. Det er noko trygt med handlingar ein har gjort i årevis som ein kan vende tilbake til, som å stå i ro på Nygårdshøyden og kikke på himmelen gjennom kirsebærblomane medan resten av verda snurrar vidare.
:) mest som heime, utanfor huset. Kirsebærtreet blømer, nydelege rosa blomar, vinden kjem og blomane ligg på bakken mykje raskare enn eg ynskjer...
SvarSlettog ja, tida og dagane fyke. Godt med det me kan kjenne att...
Så fint skrevet <3
SvarSlettKjenner også at det er noe godt ved det vante. Og det sakte. Det skjer en endring, men bare om man ser etter.
Jeg har min faste plass ved kjøkkenvinduet hvor jeg kan sitte lenge lenge og kikke ut. På hvordan det blåser i trærne, på en måke som står nesten helt stille, noen få skritt hit og dit, lurer på hva den tenker på, før den tilslutt flyr avgårde. Og på kvelden, høyblokka der borte, hvor det alltid er noen som slår av og på lys.
Takk. <3
SlettJa, endringar høyrer med og ein må venne seg til endringar for å overleve, men det er godt med det ein kan kjenne igjen òg, det trygge.
<3
SvarSlett<3
Slett