søndag 28. juli 2013

Å halde fram med å danse

Sjå meg for den eg er.
Elsk meg no
og til

neste morgon,
neste motstand,
neste utfordring og
neste augeblikk av rein glede.

Me er tvinna saman,
greiner av same tre.

La meg gi deg skugge,
gi deg varme,
gi deg lange samtalar og fred når du treng det.

La meg gi deg frukost på senga,
lange søndagar
og rom til å vakse.

La meg gi deg meg
og du deg.

La oss halde fram med å danse.

søndag 14. juli 2013

Akkurat her


Her sat eg og las på fredag, etter eg var ferdig på jobb og før bussen kom for å ta meg til kjærasten min. Eg sat med sola gjennom vindauga i busskuret som er meir som eit drivhus og tenkte at dette landskapet har eg sett utvikle seg heile livet mitt, og på ein måte ser eg aldri på det same, alt er alltid i endring.

Eg kjenner denne staden så godt som mogleg, men eg veit ikkje alt han har vore gjennom eller kor mykje trea har vakse sidan eg var tolv år og sykla her for å kjøpe Krone-is med Non Stop og bade i vatnet nede med den litle brygga på veg heim igjen. Men eg kjenner det nok til å kunne hjelpe dei som kjem innom butikken og kan fortelje dei kvar toaletta er og kvar dei kan kjøpe middag, sjølv om det eg eigentleg vil seie er kor fine skjørt dei har på seg og at du - ja, du - minner meg om Helen Mirren som eg synest er fantastisk.

tirsdag 9. juli 2013

Eg er din og du er min

Hjartet mitt slår på utsida av ribbeina mine. Du lukkar hendene dine rundt det og held det på plass. Passar på at det er trygt.

Eg pustar lettare når me går ved sida av kvarandre og lever i kvart sekund på nanoferie på Stord med tapasmiddag og hamnevandring.

Me har vårt eige språk og dansar til våre eigne tonar, og det einaste som tyder noko er at eg er din og du er min.