søndag 14. juli 2013

Akkurat her


Her sat eg og las på fredag, etter eg var ferdig på jobb og før bussen kom for å ta meg til kjærasten min. Eg sat med sola gjennom vindauga i busskuret som er meir som eit drivhus og tenkte at dette landskapet har eg sett utvikle seg heile livet mitt, og på ein måte ser eg aldri på det same, alt er alltid i endring.

Eg kjenner denne staden så godt som mogleg, men eg veit ikkje alt han har vore gjennom eller kor mykje trea har vakse sidan eg var tolv år og sykla her for å kjøpe Krone-is med Non Stop og bade i vatnet nede med den litle brygga på veg heim igjen. Men eg kjenner det nok til å kunne hjelpe dei som kjem innom butikken og kan fortelje dei kvar toaletta er og kvar dei kan kjøpe middag, sjølv om det eg eigentleg vil seie er kor fine skjørt dei har på seg og at du - ja, du - minner meg om Helen Mirren som eg synest er fantastisk.

2 kommentarer:

  1. Der har eg venta så mange gonger på bussen at eg har mista tellinga. Nokre gonger må eg venta i nesten ein time *eek*

    SvarSlett