lørdag 10. august 2013

Eg burde seie frå

Keyboardet manglar ein l. Eg veit ikkje om eg burde seie frå. Tonane høyrest like ut, samspelet fungerer like godt, men dei manglar ein vesentleg bokstav og eg føler eg burde seie frå.

Hagen manglar eit tre. Det har stått der så lenge eg har levd og eg har sett det på bilete frå før mi tid, men no er det borte og eg kan ikkje lenger drøyme om å sjå gras og himmel og gras igjen, før eg jobbar opp motet til å hoppe av. Fuglesongen held fram og allergien plagar meg like mykje, så kunne ikkje treet ha fått stått? Sola leiker gøymsle uansett.

Kroppen min manglar deg. Du skal ikkje vere borte lenge og eg veit at du snart kjem igjen, men kroppen min manglar deg, saknar deg, og får hjernen til å hengje seg opp i ting som slutta å tyde noko for fleire år sidan, som at keyboardet manglar ein l, hagen manglar eit tre, heimen manglar ei hytte og eg manglar vener som forsvann ein dag utan å kome tilbake.

6 kommentarer:

  1. Ahw. Håper det går bra med deg. <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Det gjekk bra, eg hadde berre litt mange kjensler som overvelda meg.

      Slett
  2. Du er så flink til å uttrykke deg!
    Sender over litt kjærlighet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, fine deg! Sender kjærleik tilbake.

      Slett
  3. Eg trudde eg hadde kommentert, men eg har lest den altså.

    Birte, du er så fin <3

    SvarSlett