tirsdag 3. september 2013

Mi hand i di

Eg er full av stumme skrik eg vil du skal høyre om eg klarer å sleppe dei fri. Tankeflugene mine er slitne no, opptatt med slikt ein ikkje kan endre; urett som skjer i ei verd langt frå her, ei verd rett utanfor døra mi, ei verd på skjermen.

Eg vil nå ut til deg. Snakke om korleis alt var før, korleis huset såg ut og om du nokosinne elska nokon igjen etter han var borte, men eg skjøner ikkje kva du seier gjennom støvlaget.

Verda var di, ein gong, før ho byrja å gjere vondt og slutta å gi meining. Du hadde fylt ei heil bok med alle stadene du skulle besøke og når eg var gammal nok skulle du ta meg med.

Kan du ta meg med no?

Desse gatene er ikkje mine lenger, eg har gløymt kvar dei endar og vil ikkje vite av dei om me ikkje kan gå her i lag, slik som me må ha gjort før. Mi hand i di.

Eg har leita etter handa di sidan det. Om eg leitar lenge nok, om eg ynskjer det inderleg nok, får eg kanskje igjen halde handa mi i di og endeleg vite at eg er trygg.

2 kommentarer: