tirsdag 5. november 2013

København

Sist veke:

- åt eg kjempegod thaimat til middag to kveldar på rad


- prøvde eg rawfrukost og -kake



- såg eg endeleg Amanda Palmer and the Grand Theft Orchestra live med kjærastearmar rundt meg



- kyssa eg i eit rom med vatn, speglar og lyspærer



- gjekk eg mangfaldige kilometer

- opplevde eg superfint dansk teater og tenkte: dette er den typen teater eg vil skrive og lage


- kjøpte eg polaroidkamera (mitt andre), som eg håper fungerer

- prøvde eg ein ny drink

- kyssa eg kjærasten min så ofte som mogleg

- sat eg i vindaugskarmen på hotellrommet i femte etasje og lytta til livet

- såg eg fleire syklar enn eg kunne telje, men gløymde å ta bilete


- hadde reisefylgjet mitt og eg ei ironisk tilnærming til turistklisjeane

- følte eg at me fann ein potensiell Dexter-åstad (sesong seks)


- levde eg mest mogleg i augeblikka og skreiv ei helsing i ei Moleskinebok i Boghallen

2 kommentarer:

  1. Virker som en veldig bra uke. (Jeg har også spist masse thaimat i det siste, lager den samme wokretten igjen og igjen. Mmm!)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var det absolutt! (Mmmm! Restauranten var så søt, dei hadde informasjon om tofu på framsida av menyen og ein kunne få tofu som kjøtalternativ til nesten alle rettane!)

      Slett