fredag 13. desember 2013

Eg hugsar snøen

Eg hugsar snøen. Korleis han gjorde alt kvitt og reint og stille, og korleis du såg ut klokka fire om natta, eller kanskje det var morgon, då du var ute på plenen i pyjamas og støvlar for å lage ein snømann som skulle ynskje meg god dag på veg til jobb.

Eg hugsar skrivebordet. Det tjukke, tunge skrivebordet av massivt tre som fekk alt du gjorde til å verke så viktig, som om du planla å kurere kreft, skape fred på jord og få slutt på fattigdom og svelt i løpet av same ettermiddag. Lite visste eg kva du eigentleg jobba med.

Sollyset var så vakkert der inne, det leika på golvet og på veggane, kitla bøkene i bokhyllene me snekra i lag og gav deg ein glede det elles var vanskeleg å finne. Eg saknar den du var i det rommet.

Eg hugsar den dagen mest av alt. Eg hugsar kvar einaste detalj, som kva leiketøy ungane hadde lagt i frå seg i trappa. Eg snubla og var nær ved å falle med hovudet fyrst på grunn av den brannbilen me kjøpte i lag på Hamleys i London då eg gjekk rundt med den store, gravide magen min og insisterte på å besøke alle sju etasjane for å finne den perfekte gåva til han som levde inni meg som me gleda oss så inderleg mykje til å møte. Og av alle ting enda me opp med ein brannbil som han ikkje kunne leike med på fleire år, men det kjendest så rett i augeblikket.

Me drog tilbake då eg var gravid med Tilla og kjøpte Sirius Black sin tryllestav til henne. Då ho såg deg på sjukehuset prøvde ho å trylle deg tilbake til oss.

Eg hugsar nesten alt du har sagt til meg, sjølv etter alle desse åra. Eg hugsar t-skjortene dine og dressjakka di som du fann i den litle butikken i ei sidegate i Berlin som gjorde skuldrene dine ekstra breie og sterke. Eg hugsar kor mange kaffikoppar du drakk til dagen, kva munnen din smakte og kor glad du var i å danse med meg - sjølv når det ikkje vart spelt musikk - men uansett kor mykje eg prøver, så klarer eg ikkje å hugse stemmen din. Alt eg vil er å høyre deg seie at du elskar meg.

1 kommentar: