onsdag 2. april 2014

Eg byrjar så smått å seie farvel til Bergen

I går åt eg kokossorbet oppå den blå steinen medan eg smilte til framande, høyrde måseskrik, utdrag av samtalar og barnelatter.

Eg har byrja å seie farvel til Bergen. Det er ikkje som om eg aldri skal tilbake her, bømlingen min og eg kjem til å ta mange turar for å besøke vener, gå på konsertar og kose oss - kanskje kjem me til å flytte her ein gong når tida er inne for det - men eg har byrja å seie farvel for denne gong. Det er mykje eg kan gjere i Bergen som ikkje er mogleg på Bømlo. Eg vaks opp på bygda, men eg liker byar.

Eg liker å ha bussar som går kvart kvarter og å kunne spasere til nærmaste matbutikk på under fem minutt. Eg liker å ha ein kino som viser eit vedunderleg stort utval av små og store filmar. Eg liker at eg kan kjøpe veganmat på ein butikk rett ovanfor Det Akademiske Kvarter. Eg liker at eg kan puste inn historie, sjøluft, høyre bogekorps og sjå pingvinar i løpet av ein tur bort til Nordnes. Eg liker at vekene er proppa fulle av kulturmoglegheiter.

Eg elskar at det var her eg fyrst delte seng med kjærasten min, at det var her me var på vår fyrste konsert, at det var her eg fyrst sa at eg elskar han og han sa at han elskar meg.






Men eg liker òg natur, å sleppe naboar vegg-i-vegg, at det vert ordentleg mørkt ute når det er kveld, at me kan spele musikk så høgt me vil, at me kan innrede heimen vår slik me vil, at det finst sauer nokre få meter frå huset og at eg ikkje høyrer sirener. Eg liker at eg kan gå tur i mørkret utan å vere redd for at noko kjem til å skje med meg. Eg liker at me har ein skikkeleg komfyr og eit skikkeleg kjøleskap. Eg liker at me har fleire rom å opphalde oss i og meir enn eitt vindauge (sjølv om eg er veldig glad i karnappvindauget mitt). Eg liker at eg kan vaske klede utan å tenkje på kva klokka er og om eg må overføre pengar til vaskekortet.

Eg elskar at det er der me skal skape vår fyrste heim saman.








Det har vore sol i fleire dagar; uvant kost for bergensarar som flokkar til Torgallmenningen for å prate og ete is og gå tur med barnevogner. Eg kjenner korleis sola gir meg ny energi og motiverer meg til å gjere meir, finne på meir, vere ute meir, gå meir tur, skifte dekk på ein bil og spele croquet for fyrste gong på kanskje 15 år. Eg har vore sjuk med noko forkjølingsinfluensagreier som har ført til at masteroppgåva har glidd bort frå meg, så eg prøver å finne tilbake til ho og kjempe vidare. Alt ordnar seg. Om åtte dagar skal eg trykkje på ein knapp på SiB sine sider der det står Oppsigelse og om to månadar og åtte dagar skal eg levere tilbake nøkkelen min og vaskekortet mitt og sleppe å reise frå han eg elskar. Eg har teikna skisser og lagra bokmerke frå Ikea og Åhlens og Kremmerhuset og andre sider som inspirerer meg og snart kan eg leike med vaksenLego (aka. byggje møbler) og sovne og vakne i same seng.

10 kommentarer:

  1. Åh, så spennende. <3 Ser ut som Paradis, jo.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er veldig vakkert der og mykje forskjellig natur. Trur eg liker Vest-Bømlo best, der me skal bu saman frå juni av.

      Slett
  2. Jeg skulle ønske jeg også kunne bo der det er plass og fritt, med han jeg vil plante gulrøtter med og vaske føttene til når de gjør vondt på grunn av sykdommen, han som kjøpte seng til meg så jeg ikke skulle sove på gulvet mer, han som kysser arrene mine (bokstavelig talt, på håndleddene, underarmene, magen. Han er evig langt unna og blir utsatt for psykisk vold daglig. Så vi kan ikke, ennå. Ikke på lenge. Men jeg tenker å redde ham med tiden. Med tid og penger og utholdenhet og kjærlighet.

    Det kom ut her. Det kommer ut mange steder for tiden. Jeg burde kanskje egentlig snakket om dere. Dette er en tekst om deg og den fine kjæresten din. Og jeg er glad i dere. Og jeg sier kanskje ikke så mye mer enn det, selv om det handler om dere, men jeg vil at du skal vite at mine egne ønsker ikke ville kommet ut slik hvis det ikke var en veldig, veldig vakker tekst.

    Jeg håper jeg får besøke dere. Med bedre plass blir det lettere, tror jeg. Og jeg har så lyst til å ta den der ferga du alltid skriver til meg om (takk).

    SvarSlett
    Svar
    1. Du og din fine er alltid velkomen og eg håper og ynskjer og vil så inderleg gjerne at ting ordnar seg for dykk. De er sterke og modige og nydelege menneske. Glad i dykk.

      Slett
  3. Det høres ut som om dere vil få det veldig fint. Jeg savner å bo sånn, men samtidig vil jeg ikke enda lengre vekk fra byen. Det skal ikke være lett.

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, det burde eksistert ein magisk mellomting. Eller kanskje me må skaffe oss teleportørar.

      Slett
  4. Lykke til med innspurten på oppgåva! Og det blir nok veldig bra å bli bømling, Sunnhordland er ein bra stad å bu!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Det trur eg òg. :) Er jo halvt sunnhordlending sjølv.

      Slett
  5. Så mange fine ord :D
    Gler meg til å sjå kva som skjer vidare
    <3

    SvarSlett