fredag 9. mai 2014

Skogsminne

Eg vaks opp i ein skog langs E39.

I denne skogen fanst det ikkje ei bestemt tid eller rom. Nokre dagar levde eg i mellomalderen, reid hestar med spyd, sverd og skjold, kjempa mot drakar (eller hadde dei som kjæledyr) og besøkte framande kongerike. Andre dagar var det vikingtid, eller framtid, eller når-som-helst-tid. I ein periode var det notid, me bygde ei hytte og laga songar som skulle gjere oss verdskjende. I ei glipe i berget kunne me gøyme oss og leve slik som i Ronja Røverdatter og skrive med krit på steinveggane.

Dei siste åra har eg utforska nye stader, vorte kjent med nye skogar og kratt, nye gater, nye fjelltoppar og sidevegar med troll og kafear, men inst i hjartet mitt gøymer det seg ein skog der lufta lukta av grantre, der eg høyrde susinga frå bilar og trailerar som reiste fram og tilbake på vegen langt der nede og der verda var så uendeleg stor og lita i same stund.

2 kommentarer:

  1. Så koselege barneminner :D
    Trur at det er få ting som kan måla seg med ting som me opplevde i barndommen

    <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, same her. Alt var så mykje meir spanande og fascinerande då. Og ein stein eller eit tre kunne vere nesten kva som helst.

      Slett