mandag 12. mai 2014

Sjå opp (eller ned)

I Bergen speler fjella på trommer. Eller kanskje det er trolla, kanskje dei gøymer seg blant tretoppane og haikar med Fløibanen når det ikkje er turistsesong. Kanskje dei vil at me skal spele med. Kanskje dei inviterer oss til fest, berre at me ikkje tar hintet.

Desse siste vekene har eg minna meg sjølv på å sjå opp (eller ned). Eg gjorde det mykje før, men det er lett å gløyme av og til når ein har så mykje ein skal gjere og så mange stader å gå - eg smiler til framande og ser dei inn i auga, men det er ikkje alltid eg hugsar å sjå opp. Det er nok mykje eg har gått glipp av, men no som eg går inn i mine siste veker som liksom-bergensar, prøver eg å ta inn mest mogleg av byen som har vore min i snart fem år.









2 kommentarer:

  1. Det burde eg blitt flinkare til, takk for du minna meg på det.
    Mange fine bilete og det siste fekk meg til å le, hehe

    SvarSlett