onsdag 11. november 2015

Kanskje

Stol på meg.

Eg veit det er mørkt og kaldt og jævlig. Eg veit det er mykje du ville ha gjort, men det er best å møte verda litt etter litt. Du treng ikkje gå ut. Ikkje i dag. Kanskje eg kan halde deg i handa. Kanskje me berre kan sjekke posten? Nei, det er greitt. Eg forstår. Kanskje i morgon. Kanskje neste veke. Kanskje du finn noko i avisa som du har lyst til å prøve? Ei av dei damene med milde auge. Det står her at du kan ringje dei, så du treng ikkje forlate senga. Vêrmeldinga seier det er moglegheit for snø i morgon. Kanskje du vil vere med meg ein tur då? Gatene vert så stille når det snør.

Du treng ikkje unnskylde deg, det går fint. Så lenge du ligg her, er det her eg vil vere. Du kan stole på meg. Det vert sikkert betre i morgon.

2 kommentarer:

  1. Du er så flink med ord, flink til å få meg som leser miste kontakten med verda medan eg les og kjenne meg godt igjen.

    Flinke Birte ♡

    - Lene

    SvarSlett