tirsdag 14. juni 2011

ABC

Eg har ofte tenkt at tal er ikkje så viktige. Eg forelskar meg i eldre menn og tenkjer at så lenge ingen lovar vert brotne er det greitt.

Men så byrja eg på skulen, og særleg då eg kom over på ungdomsskulen vart tal kjempeviktige. I blant det aller viktigaste, til og med. Alle vart opptatt av kva tal medelevane hadde fått på arka sine, og dei vidaregåande skulane hadde tal dei meinte du måtte ha for å kunne gå der.

Og eg vart med på bølgja. Det var litt status med høge tal, å vere ekstralærar og kunne hjelpe dei som hadde tal som ikkje strakk til.

På vidaregåande vart tala endå viktigare, fordi utdanning er "in" og universitet krev så høge tal at dei er tosifra. Men på universitetet er det bokstavar som er det store. Bokstavar som eg lærte før eg byrja på skulen. Dei fine, kjære bokstavane eg har brukt i alle år for å kunne formidle kva eg føler og tenkjer, kva eg brenn for, kva eg elskar. Plutseleg vart dei seks fyrste bokstavane i alfabetet så ufatteleg skumle, og eg forstår det ikkje heilt. Korleis kan alfabetet vere farleg? Me song songar om ABC på skulen, og no styrer dei utdanninga mi.

Livet er så utruleg mykje meir enn karakterar, og det veit eg jo, men eg bryr meg likevel. Vil gjere det godt. I dag har eg hatt munnleg eksamen og på torsdag har eg ein til (byrja ikkje gråte før etter han var over), og med eitt er eg museumsguide og lærer barnehagebarn å snekre båtar.

lørdag 11. juni 2011

Om stille

Det er mange som er redd for stilla. Som om det er farleg når stilla senkar seg, som om stilla kan skade nokon.

Eg meiner at stille kan vere magisk. Stille kan skape større nærleik enn ord, stille kan gi varme til tomme hus. Å vere komfortabel med stilla, akseptere ho, er å vere komfortabel med seg sjølv og dei ein deler stilla med.

I dagens filmindustri vert stille stadig sjeldnare, særleg dersom filmen er amerikansk eller generelt laga for å tene mest mogleg pengar, og difor er det så fint å sjå ein film som den franske versjonen av Lady Chatterley frå 2006 der stilla vert omfamna som ein gammal ven. Det er ikkje alltid nødvendig med dramatisk musikk og storslagne effektar, augeblikka på film som er mest sanne og mest rørande er som regel dei der alt ein har er menneske som viser ekte kjensler og kommuniserer både med og utan ord.

Eg skjøner det kan vere skummelt med stille, kanskje du er som meg og vert overvelda av tankefluger som ingen klarer å fange, kanskje tankeflugene vert til store svermar som trugar med å overfalle deg og kaste deg i bakken, men eg håpar du likevel klarer gi litt rom for stilla, fordi stille kan vere noko av det beste som finst.





torsdag 9. juni 2011

Fordi det freista meir med spørjeundersøking enn pensumlesing

Namn: Birte Valkyrje.

Piercingar: Ein i kvart øyre.

Tatoveringar: Nei, men eg har lyst på eit biologisk hjarte på venstre handledd/underarm
Lengd: I fylgje politiet er eg 174 cm.
Skostorleik: 38 1/2.
Hårfarge: Eigentleg mørkeblond, men frisøren er flink til å skjule det.
Frekner: Sol = frekner.
Motto: Våg å elske.

Forelska? Ja.

Skulle du ynskje at du budde ein annan stad? Ja! Sjølv om eg er glad i den litle leilegheita mi her i Bergen, lengtar eg etter å bu ein annan stad, aller helst i England.
Synest du at du er attraktiv? I blant.
Kva for shampo bruker du? Det varierer, men som regel ein som er laga for tørt/krøllete hår, fordi krøllete hår treng mykje fukt.
Kva for parfyme bruker du? Dalissime.
Kva er du redd for? Slangar, mørke, å miste dei eg elskar og leve eit liv eg kjem til å angre på.
Likar du å vaske? Ja, å vaske kan vere god terapi.
Likar du bergogdalbaner? Ja, men det varierer. Tekoppane er kjekkare.

Seinaste


Filmen du leigde? Eg leiger aldri film.
Filmen du kjøpte? Lady Chatterley, den franske versjonen.
Personen du ringde? Mamma, sannsynlegvis.
Personen som ringde deg? Mamma, sannsynlegvis.
TV-program du såg? Inside the Actors Studio.
Person du tenkte på? Neda.

Favoritt


Låt: For tida: Prelude (From the Unaccompanied Cello Suite No. 1 in G Major, BWV 1007) av Bach, framført av Yo-Yo Ma.
Greie å gjere: Bake, leggje puslespel, lese sjølvvald bok akkompagnert med ein kopp te og ha det fint med vener.
Sport: Haha.
Klede: Fine kjolar med stramme toppar og store skjørt som dansar når eg snurrar rundt.
Film: The Bridges of Madison County
Vin: Har ingen absolutt favoritt, men Bäumer sin er veldig god.
Serie: ER.


Har du nokon gong?


Grete over ein gut? Ja.
Grete over ei jente? Ja.
Lygd for nokon? Ja.
Vore i slagsmål? Nei.
Vorte arrestert? Nei.
Truffe nokon frå Internett i røynda? Ja, eg trur eg har truffe majoriteten av mine nærmaste vener gjennom Internett. Internett og skule.


Antal


Gonger du har vore forelska? Frysningar over heile kroppen og hjarte som galopperer-forelska? Fire.
Gonger hjartet ditt har knust? Éin gong i kjærleikssamanheng, men nokre gonger knuser det dagleg på grunn av alt det triste som finst i verda.
Hjarte som har knust på grunn av deg? Eitt, trur eg.
Jenter du har kyssa? Tre.
Personar frå barneskulen du framleis har kontakt med? Eg har kontakt med ganske mange, men av dei eg har god kontakt med er det vel tre-fire.
Gongar navnet ditt har vore i avisa? Fleire gonger enn eg har tal på.


Seinaste


Boka du las? A History of Scandinavian Theatre av Frederick J. Marker og Lise-Lone Marker. (Pensumpower.)
Personen du fekk e-post av? Karmsund Folkemuseum.
Personen du fekk brev av? SiB.
Personen du fekk sms av? Lotta.
Gongen heile familien din åt middag saman? Heile familien med alle tre syskna? Pappa sin bursdag, trur eg, men no vart eg veldig usikker. Hadde vore Kristina sin konfirmasjon, hadde ikkje pappa vore på jobb den dagen.
Greia du kjøpte? Matvarer på Kinsarvik naturkost. Anna enn matvarer: Lady Chatterley på DVD og klistremerke av Disneyprinsesser, fordi Belle var med.


Stole frå Karina som stal frå Mariell som stal frå Elsa.

onsdag 8. juni 2011

Talking about love is like dancing about architecture.

Eg skulle eigentleg sove, men av og til freistar det så mykje meir med ein film når det følest som om heile verda har gått til ro og eg er den einaste som er vaken.

Eg har tatt til å lese ein fantastisk blogg, ein hjarteskjerande vakker og trist blogg, ein håpefull blogg med regnpyttar og grøn te (takk til besteveninne Valerie som linka meg til han). Så etter å ha lese innlegget om filmen Playing by Heart klarte eg ikkje vente lenger enn til i kveld, og no sit eg her med eit hjarte som følest inderleg tungt, ei slik tyngde ein føler når den ein elskar har sagt at han ikkje føler det same, eller ein har fått vite at nokon ein er glad i har døydd. Det er ei kjensle av å sjå nokon falle ned, falle saman, utan å kunne gjere noko, og det er ei kjensle av å halde rundt nokon i tjue minutt utan å tenkje over at tida passerer.

Eg klarer ikkje seie så mykje om filmen, og Kjersti skildrar det uansett så fint at eg treng ikkje skrive noko meir, eg vil eigentleg berre seie takk. Takk for hjartefylte menneske og hjartefylte filmar. Takk for regn i tjue grader og te på Mummitermos. Takk for pensumlitteratur som refererer til menneske eg ser opp til og som får meg til å smile. Og mest av alt, takk til alle dykk som eg er så inderleg glad i og vil halde rundt for evig og alltid.

Aldri gi opp. Aldri slutt å drøyme. Våg alltid å elske.

lørdag 4. juni 2011

Avskjedsbrev til ein kafé

Når eit nytt etablissement startar opp, har dei mål dei ynskjer å nå. Om det er ein butikk, eit hotell eller, ja, ein kafé, vil dei verke innbydande og gjerne heimlege og koselege. Fyrste gong eg gjekk opp dei få trappestega og inn i Café Moody var eg 16 år og klar for nye inntrykk, og ikkje misforstå, Moody har introdusert meg for mykje nytt, men meir enn noko anna føltest det fyrste kafébesøket som å kome heim. Det var ein ro og ein tryggleik i å sitje på Fretexmøbla og teste ut nye sitjeplassar kvar gong, med ei notatbok på fanget og rykande fersk middag på bordet.

Moody har gått gjennom endringar i løpet av åra, men kafeen har likevel lukkast i å halde på den trygge, varme stemninga. Kanskje det er fordi staben er vener med kvarandre og gjestene, eller fordi me kan kome med musikkynskje og plutseleg høyre yndlingssongen vår over anlegget. Kanskje det er fordi maten er heimelaga eller fordi teen ikkje kjem i posar. Mogleg det er fordi kunstnarar frå fjern og nær har kunne boltre seg på veggane deira og hatt konsertar som har fått heile lokalet til å danse. Mest av alt trur eg det er fordi Moody var staden ein alltid kunne finne ein ven å gråte og le saman med, då helst begge deler på same tid.

Café Moody har vore heimen heimafrå, og Haugesund vert aldri den same utan fargeflekken i Strandgata.

Takk for kjærleiken. Takk for dansen. Takk for alt.

Mvh.
Birte Valkyrje
- kafégjengar

P.S. Kunstnarar og andre småeksentriske og godhjerta menneske søker kafé i Haugesundsområdet med bra vinutval og gode middagar. Me er svoltne.